Slagverkspedagog - 20% fast
Om stillinga
Alver kulturskule har ledig 20% fast stilling som slagverkspedagog frå 01.08.2024. Den som får tilbod om stillinga vert tilsett i Alver kommune, med tenestestad Alver kulturskule.
Ein del av stillinga vert gjennomført i samarbeid med skulekorps på høgt nivå.
Dersom det vert endring av elevgrunnlag eller personalsamansetjing ved skulen må evt. endring av undervisningsstad og stillingsinnhald kunne påreknast. Han/ho som blir tilsett har ôg plikt til oppmøte på stabs- og planleggingsmøta i kulturskulen som ein del av stillinga, talet møte vert rekna ut etter stillingsstorleik.
Om Alver kulturskule
Kulturskulen i Alver er ein svært viktig del av kulturlivet i kommunen og har eit personale med svært høg kunstfagleg kompetanse. Kulturskulen tilbyr undervisning innan kunstformane musikk, teater, dans og visuell kunst. Undervisninga er desentralisert, men hovuddelen av undervisninga vår finn stad på Manger, Frekhaug og i Knarvik. Kulturskuleundervisninga finn stad etter grunnskulen sin undervisningsdag.
Arbeidsoppgåver
• Undervisning av einskildelevar, prosjekt i grupper og samspel i tillegg til samarbeid med andre kulturskuledisiplinar og lokalt lagsliv.
• Tilrettelegging og utarbeiding av planar, møteverksemd og samarbeid med kulturskuleadministrasjonen.
Kvalifikasjonskrav
Relevant kulturfagleg og pedagogisk høgskuleutdanning med klassisk/rytmisk slagverk som hovudinstrument. Relevant erfaring som slagverkspedagog innan skuleslaget.
Personlege eigenskapar som engasjement og initiativ, og glede i å undervise born og unge vert vektlagt.
Me har norsk som undervisningsspråk og er ein nynorskkommune.
Godkjent politiattest i samsvar med Opplæringslova må leverast før tiltrede.
Vi tilbyr
Lønn- og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk.
Om bedriften
Alver kommune - Ein spennande organisasjon for engasjerte og kompetente medarbeidarar!
Velkomen til Alver kommune, ein kommune som har vakse til å bli ein av dei største kommunane i fylket. Med om lag 30 000 innbyggjarar og 2 700 dedikerte tilsette, har vi eit sterkt samfunn som søkjer å løyse utfordringar og utvikle seg vidare.
Vår plassering nord for Bergen gir oss privilegiet av ei variert og fascinerande natur. Frå rolege fjordar og opne havområde til majestetiske fjell og lokale toppar, byr Alver kommune på ei rekkje utandørs opplevingar. Vi er også stolte av å huse verdas beste korps og vere vertskap for eit rikt kulturliv.
Vi verdset meiningsfulle oppgåver og ser på kvar einaste medarbeidar som ein verdifull bidragsytar til vårt viktige samfunnsoppdrag. Som ein del av vårt team vil du få moglegheita til å engasjere deg og bruke din kompetanse til å forme framtida til vår kommune. Vi legg vekt på å skape eit arbeidsmiljø der du kan bløme og utvikle deg. Alver kommune har heiltidskultur som satsingsområde i heile organisasjonen.
Bli med på vårt eventyr i Alver kommune, der vi søkjer etter dedikerte og dyktige menneske som ønsker å vere ein del av vår felles suksesshistorie. Vi ser fram til å ønskje deg velkommen og gi deg ei meiningsfull og givande karriere hos oss.