Avsnittsleiar - Økonomiavsnittet
FEE-Seksjon for etterforskning av økonomi, miljø og arbeidskriminalitet,Vest politidistrikt
Allehelgens gate 6, 5016 Bergen
Om jobben
Stillingstittel
Avsnittsleder Økonomiavsnittet
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
I Vest politidistrikt, for tida ved Felles eining for etterretning og etterforsking, Seksjon for etterforsking av økonomi-, miljø-, og arbeidsmarknadskriminalitet, Avsnitt for etterforsking av økonomisk kriminalitet, er det ledig ei fast stilling som politioverbetjent med funksjon som avsnittsleiar.
Økonomisk kriminalitet undergrev viktige strukturar i samfunnet. Hovudoppgåva til avsnittet er etterforsking av økonomisk kriminalitet. Politiet skal vere i forkant av kriminaliteten og arbeide kunnskapsstyrt. Vi arbeider med å vri fokuset i oppgåveløysinga vår mot intensjonen i hovudstrategien til politiet. Vi skal førebyggje, hindre og kjempe mot kriminalitet og søkjer deg som vil bidra i dette viktige samfunnsoppdraget.
Økonomiavsnittet er sett saman av etterforskarar med politi og/eller økonomisk utdanning som arbeider sjølvstendig og i team med komplekse straffesaker. Vi tilbyr eit godt arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte kollegaer og leiarar, som saman spelar kvarandre gode og ønskjer å utgjere ein forskjell. Vi søkjer deg som er proaktiv og interessert i å kjempe mot økonomisk kriminalitet. Du har pågangsmot og er ein rollemodell innan faget. Du evnar å utfordre det etablerte for å drive mest mogleg effektivt og levere høg kvalitet i arbeidet.
Ein tek atterhald om at det kan skje endring med omtanke på omstilling.
Arbeidsoppgåver
- Leia og utvikle medarbeidarane ved avsnittet i tråd med gjeldane føringar, samt delta i leiargruppa ved seksjonen
- Personal-, resultat-, og HMS-ansvar ved eige avsnitt
- Vurdera og prioritera saker innan avsnittet sitt ansvarsområde
- Planlegge og gjennomføre etterforsking og førebyggande aktivitetar
- Planlegge og leie den daglege tenesta
- Etterforskingsleiing på portefølje og i enkeltsaker når det er naudsynt, og leie den politioperative delen av aksjonar i samarbeid med andre etatar eller eigen avdeling
- Vidareutvikle effektive arbeidsmetodar for handsaming av økonomisk kriminalitet
- Sørgja for effektiv og tydeleg kommunikasjon med medarbeidarar, samarbeidspartnarar, innbyggjarar, andre avsnitt i seksjonen og andre etterforskingsavsnitt i driftseininga
- Som leiar av avsnittet skal du utøve dagleg leiing. Du skal rettleia og følgja opp dine tilsette slik at dei har kunnskap, ferdigheiter og haldningar som gjør at dei løysar oppgåvene ved seksjonen/avsnittet på ein god måte
- Medverke til at fagområdet inngår i politiet sitt strategiske arbeid og verksemdsplanleggjing
Syte for at politiet si hovedstrategi som er forebyggande tilnærming vert fulgt opp - Andre oppgåver pålagt av overordna
Kvalifikasjonar
Nødvendige
- Vitnemål frå Politiskolen/Politihøgskolen
- Brei politifagleg erfaring, helst også innan etterforskingsleiing
- Kunne ta del i den politioperative tenesten ved avsnittet
- Kunnskap om HMS
- God resultatoppnåing i tidlegare stillingar
- God kjennskap til oppgåvene og utfordringane i politiet
- Utdanning innan organisasjon og leiing helst på høgskule/universitetsnivå og/eller leiarerfaring blir vektlagt
- Kunnskap om personal- og økonomistyring er ein fordel
- Kunnskap om offentleg forvaltning og statleg avtaleverk er ein fordel
- Kjennskap til etterforskning av økonomisk kriminalitet er ein fordel
Du må ha plettfri vandel og vera skikka for teneste i politiet og politiattest (uttømmande og utvida) må innhentast ved ev. tilsetjing jfr. politilova § 18 og politiregisterlova § 41
Personlege eigenskapar
- Evne til å handle i eit strategisk og helhetlig perspektiv
- Gode leiaregenskaper, med evne til å vise god personalomsorg og motivere, støtte og utvikle medarbeidarane
- Evne til å skape gode relasjonar, kommunisere godt og samhandle både internt og eksternt
- Resultat- og løysingsorientert med god beslutnings- og gjennomføringsevne
- Sette retning, drive endring og bidra til god verksemdsutvikling og kompetanseheving innan fagområdet
- Samfunnsorientert og med forståing for eininga si rolle i politiets samfunnsoppdrag
Som medarbeidar i politiet har du høgt etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vera modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lesa meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattform her: https://www.politiet.no/om-politiet/jobb-i-politiet/medarbeiderplattform/
Me tilbyr
- Ein utfordrande og spanande arbeidsplass for deg som vil vere med å forme politiet for framtida
- Stillinga blir lønna som politioverbetjent med funksjon som avsnittsleiar (stillingskode 0287), frå ltr 77/kr 796.600,- til ltr 79/ kr 845.900,- brutto per år
- Et solid fagmiljø med gode utviklingsmuligheter i et arbeidsmiljø med engasjerte og dyktige kollegaer
- Medlemskap i Statens pensjonskasse, med mellom anna gode pensjons- og forsikringsordningar (www.spk.no)
Generelt
Politiet meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Me treng medarbeidarar med ulike kompetansar, bakgrunn, erfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Dersom det er mogleg vil me leggja til rette for medarbeidarar som har behov for det.
Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal me kalla minst inn éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkjar i desse gruppene, det vil seia positivt særbehandla på denne måten, må søkjarane oppfylla visse krav.
For å ha eit godt vurderingsgrunnlag ber me deg om å registrera utfyllande CV i rekrutteringsportalen vår og lasta opp relevante attestar og vitnemål. Dersom du har funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn oppmodar me deg til å kryssa av for dette i rekrutteringsportalen vår. Avkryssingane dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i årsrapportane sine.
Du kan lesa meir på arbeidsgivarportalen https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling.
Opplysningar om deg kan bli offentleggjort sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.
Kontaktinformasjon
Frode Meling Karlsen, Seksjonsleiar, 996 08 089Spørsmål om CV og søknad, Kontakt Seksjon for HR, 207.hr@politiet.no
Arbeidssted
Allehelgens gate 65016 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Vest politidistriktReferansenr.: 4747937662
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 18.08.2024
Om bedriften
Vest politidistrikt dekker 38 kommunar i Vestland fylke, med til saman 600 600 innbyggjarar. Distriktet følgjer ikkje fylkesgrensene helt - kommunane Fitjar, Bømlo, Stord, Etne og Sveio høyrer til Sør-Vest politidistrikt. Politidistriktet har om lag 1300 tilsette med politimeister Kaare Songstad som øvste leiar. Politimeisteren har sitt kontor i Bergen og der ligg også felles operasjonssentral.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2679143
- Hentet fra
talentech
- Referanse
5280254efdf14301a69db2971b5986d0