Prosjektleiar
Nordfjord BUP, Helse Førde
Sjukehusvegen 7, 6770 Nordfjordeid
Om jobben
Stillingstittel
Prosjektleiar
Oppstart
1. august 2024
Type ansettelse
Prosjekt, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest torsdag 9. mai
Nordfjord BUP søkjer prosjektleiar i 100% stilling i ein toårs periode.
Nordfjord BUP er ein av fire seksjonar i Avdeling for Psykisk helsevern for barn og unge. Vi dekkjer kommunane Stad, Stryn, Gloppen og Måløydelen av Kinn.
Nordfjord BUP har fått i oppdrag frå Helsedirektoratet via Helse Vest å gjennomføre eit prosjekt for å prøve ut nye løysingar for samhandling med kommunane innanfor psykisk helsevern for barn og unge. Det skal utgreiast korleis ein kan innrette, pilotere og evaluere ei integrert barne-og ungdomsteneste.
Arbeidsoppgåver
- Ansvar for utforming, gjennomføring og ferdigstilling av prosjektet i samarbeid med kommunale tjenester og BUP.
Kvalifikasjonar
- Utdanning på høgskulenivå
- Svært gode norskkunnskapar
- God system- og rolleforståelse
- Erfaring med ledelse/prosjektarbeid er ein fordel
Personlege eigenskapar
- Engasjert i barn og unge, og korleis vi saman med kommunane kan bidra til gode tenester for dei som strever ekstra i oppveksten.
- Gode samarbeidsevner
- Gode evner til å arbeide systematisk og strukturert
Vi tilbyr
- Unik moglegheit til å vere med å utforme framtidas psykiske helsevern for barn og unge
- Lønn i samsvar med gjeldende overeinskomst
- Gode pensjons-og forsikringsordninger
Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Mary-Ann Refseth, Seksjonsleiar, 578 64 350Arbeidsstad
Sjukehusvegen 76770 Nordfjordeid
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse FørdeReferansenr.: 4799997872
Stillingsprosent: 100%
Engasjement
Startdato: 01.08.2024
Sluttdato: 31.07.2026
Søknadsfrist: 09.05.2024
Om bedriften
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønskjer å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2632903
- Sist endret
25. april 2024
- Hentet fra
talentech
- Referanse
0802ae368e004a1abed4de3048b03a46