Sjukepleiar
Org. nr: 964978840 Stillingsident: 4110227236 Presentasjon av stillingen:
Det er ledig 80% stilling som sjukepleiar ved pleie og omsorg, seksjon raud. Stillinga er ledig frå 01.09.2019. Turnusen er for tida todelt, med arbeid to av seks helgar.
Seksjon raud er ein del av Herøy omsorgssenter og er lokalisert på Eggesbønes.
Arbeidsoppgåver
Sjukepleiefaglege oppgåver
Kvalifikasjonar
- har bachelorutdanning som sjukepleiar
- kan bruke IKT som arbeidsverktøy, erfaring med Gerica er ein fordel
- har god munnleg og skriftleg framstillingsevne
Kommunen har nynorsk som administrasjonsmål.
Personlege eigenskapar
- likar faglege utfordringar
- evnar å samarbeid i team
- har fokus på heilskapleg pasientforløp
- er strukturert, sjølvstending og evnar å prioritere arbeidsoppgåver
- er løysingorientert og fleksibel
Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar, i tillegg til kunnskap og erfaringar.
Politiattest må kunne leggast fram før tilsetting
Vi tilbyr
- løn etter gjeldande tariffavtale
- pensjonsordning og frivilleg fritidsforsikring
- fagdag i turnus kvar 6. veke
- BAT (bevegeleg arbeidstid) som gir personalet større fleksibilitet i turnus
- godt arbeidsmiljø med fokus på fagkompetanse
Tilsetting skjer på dei vilkår som går fram av gjeldande tariffavtale, lover og reglement.
Aktuelle kandidatar kan verte kalla inn til intervju. Søkjarlista kan verte offentleggjort.
Kontaktinformasjon
Siv Jensen, Avdelingsleiar, 90785178
Arbeidsstad
Eggesbøvegen 11
6092 Fosnavåg
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Herøy kommune
Referansenr.:4110227236
Stillingsprosent: 80%
Startdato: 01.09.2019
Sluttdato: 31.08.2020
Søknadsfrist: 11.08.2019
Om bedriften
Herøy er ei øykommune på Sunnmøre i Møre og Romsdal. Kommunen har storhavet og Sunnmørsalpane som nærmaste nabo. Dette gir unike og allsidige moglegheiter for aktivitetar gjennom heile året.
For tilsette i Herøy kommune er det viktig å vise respekt, ha tillit og fremje samhandling. Kjerneverdiane skal hjelpe oss til å nå visjonen vår, <<Herøy, ei båtlengd føre>>.