Personleg assistent
Org. nr: - Stillingsident: 4268417892 Presentasjon av stillingen:
Stad kommune søkjer etter personlig assistent til brukar i deltidsstilling. Det er ønske om snarleg tilsetjing. Arbeidsstad er i Selje.
Arbeidsoppgåver
- Brukar har behov for å få hjelp til daglege gjeremål som å handle varer, klesvask, tørke støv, golvvask og anna.
Kvalifikasjonar
- Helsefagarbeidar eller barne-og ungdomsarbeidar, men andre kan og søkje.
Personlege eigenskapar
- Personlege eigenskaper blir verdsatt. Du må vere imøtekomande, hjelpsam, sosial, høfleg, påliteleg og serviceinnstilt.
Vi tilbyr
Arbeidet er lagt opp til 5 timer i veka og helst samla. Brukar ynskjer helst fredager.
Løn- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi ber om at søkjarar lastar opp attestar og vitnemål saman med søknaden. Politiattest skal leverast før start i stillinga.
Stad kommune har 6 månader prøvetid.
Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.
Dersom du har spørsmål om stillinga kan du ta kontakt med einingsleiar Annette Gotteberg Hovden elelr asisterande einingsleiar Rita Hatlenes ved Seljetunet.
Kontaktinformasjon
Annette Gotteberg Hovden, einingsleiar Seljetunet, 45 47 84 72, annette.hovden@stad.kommune.no
Rita Helen Hatlenes, Assisterande einingsleiar Seljetunet, 95 23 56 27, rita.helen.hatlenes@stad.kommune.no
Arbeidsstad
6740 Selje
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Stad kommune
Referansenr.:4268417892
Stillingsprosent: 13,33%
Fast
Søknadsfrist: 23.08.2020
Om bedriften
Stad kommune har om lag 9 500 innbyggjarar og ligg i Nordfjord i Vestland fylke. Kommunen vart oppretta 1. januar 2020 då kommunane Eid og Selje og bygdene Maurstad og Bryggja vart slått saman. Kommunen består av fleire livskraftige tettstader og strekkjer seg frå storhavet i vest til fjell- og fjordlandskap i aust. I kommunen finn du Vestkapp, surfemiljø i Hoddevika, Selja kloster, Harpefossen skisenter, vikingsenteret Sagastad, Malakoff rockfestival, Opera Nordfjord og Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. Kommunen har ledige bustadtomter, gode kommunale tenester, eit spanande næringsliv og innbyggjarar med initiativ og pågangsmot. Stad kommune har som overordna mål å bli fleire. Vi treng deg som ønskjer å flytte til kommunen vår, og vi treng deg som har budd ute ei stund og ønskjer å flytte heim. Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. I Stad kommune vil du møte lokalsamfunn som skil seg ut. Kommunen er stor nok til å gje deg rom og la deg leve ut draumane dine, og liten nok til å sjå deg og ta vare på deg. Vi ønskjer deg med på laget!