Kommunergoterapeut - vikariat
Ønskjer du ein variert arbeidskvardag? Tysnes kommune har fokus på tverrfagleg samarbeid, med vekt på eigenmeistring og aktivitet for innbyggjarane våre. Me vektlegg at dei som kan, skal bu lengst mogleg heime med tilrettelagte tenester. I dette arbeidet er ergoterapi særs viktig.
Tysnes kommune har ledig eitt års vikariat som kommuneergoterapeut i 80 % stilling frå snarast. Stillinga er organisert under helse og har kontor på rådhuset i Uggdal.
Anita Midtun, Kommuneoverlege, 53437080
5680 TYSNES
Referansenr.: 4615373610
Stillingsprosent: 80%
Vikar
Søknadsfrist: 26.02.2023
Tysnes kommune har ledig eitt års vikariat som kommuneergoterapeut i 80 % stilling frå snarast. Stillinga er organisert under helse og har kontor på rådhuset i Uggdal.
Arbeidsoppgåver
- Kartlegge og vurdere funksjonsnivå og omgjevnader.
- Iverksette tiltak som gjer kvardagslivet mogleg.
- Bidra i tverrfagleg team, samarbeide internt og eksternt.
- Formidle og tilpasse hjelpemidlar.
- Førebyggjande helsearbeid, og bidra til å stimulera til aktivitet og deltaking.
- Habilitering og rehabilitering.
- Rettleiing i høve bustadendring.
- Dokumentere, registrere og rapportere.
- Koordinator-rolle i individuell plan.
Kvalifikasjonar
- Offentleg godkjent ergoterapeut med norsk autorisasjon.
- Førarkort kl.B og mogligheit til å bruke eigen bil.
- God norskkunnskap, munnleg og skriftleg.
- Om du har erfaring frå kommunehelsetenesta er det eit føremon.
- Den som vert tilsett, må leggja fram politiattest, jf. lov om helsepersonell § 20a .
Personlege eigenskapar
- Initiativrik, positiv og evnar å sjå brukarane og deira behov.
- Interesse for å jobbe med ulike aldersgrupper.
- Evne til å arbeide sjølvstendig, målretta og i team.
- Fleksibel og løysningsorientert.
- Kreativ, engasjert og serviceinnstilt.
- Personleg egnethet vert vektlagt ved tilsetjing.
Vi tilbyr
- Fleksitid med arbeid på kontor og ute i felten.
- Deltaking i eit godt arbeidsmiljø med høg trivnad og fagleg fokus.
- Deltaking i tverrfagleg inntaksteam.
- I jobben vil du møte barn, vaksne og eldre, og få ein variert og spanande kvardag.
- Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande reglar/tariff.
Kontaktinformasjon
Kristine Trane, Kommunalsjef helse og omsorg, 900 41 561Anita Midtun, Kommuneoverlege, 53437080
Arbeidssted
Amundsstølen 15680 TYSNES
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Tysnes kommuneReferansenr.: 4615373610
Stillingsprosent: 80%
Vikar
Søknadsfrist: 26.02.2023
Om bedriften
Draumen om livet på landet finn du på Tysnes!
Tysnes er ein sentralt plassert øykommune sør for Bergen. Her finn du dei same tilboda som i andre omkringliggjande sentra utanfor Bergen. Om du spør oss: Verdas beste kommune å veksa opp i!
Når me tel med store og små, er me i dag omlag 2900 godlyndte innbyggjarar i Tysnes. Kommunen er landfast med bru over Lukksund og har elles gode ferjeforbindingar mot nord og sør.
Tysnes kommune har ca. 330 tilsette innan helse- og omsorg, skule og barnehage, tekniske tenester og offentleg administrasjon. Me er oppteken av å skape gode arbeidsplassar og gjere Tysnes til ein god stad å bu.