Avdelingsleiar Furuhaugane Omsorgssenter
Org. nr: 820 956 532 Stillingsident: 4181411694 Presentasjon av stillingen:
Vår avdelingsleiar på langtidsavdelinga skal ut i 1 års permisjon frå mai 2020, og vi treng vikar i hennar fråvær. Leiinga på Furuhaugane omsorgssenter består av tenesteleiar og 2 avdelingsleiarar. Vi søkjer deg som har brukaren i fokus og synest utvikling, kompetanse og systematisk etisk refleksjon er verdifullt.
Arbeidsoppgåver
Du får vere med på å vidareutvikle avdelingane og bygge eit godt og faglig sterkt arbeidsmiljø. Du blir med på omdømmebygging av avdelinga di og er medansvarlig for at kvaliteten på tenester som skal utøvast til brukerane er gode og samsvarar med dei mål Kinn kommune og omsorgstenesta har satt.
Arbeidsoppgåver
Konkret vil du ha dagleg ansvar for drift av avdelinga:
Stillinga er delt i 50 % leiing og 50 % drift
Dagleg fordeling av arbeid- nytte arbeidsplan som verktøy
Innleige ved fråver-oppdatere MinVakt ved fråver, attestere timelister
Delta i utarbeiding av årsturnus
Oppfølging av sjukemeldte tilsette
Ta faglege avgjerder i samarbeid med tilsette
Kvalifikasjonar
3 årig høgskule
Praksis/erfaring som leiar ingen ulempe, men ikkje noko absolutt krav.
Du må ha god datakompetanse, og kunne tileigne deg bruk av våre fagsystem som
er CosDoc og RS.
Personlege eigenskapar
Vi ynskjer deg som har lyst til å jobbe som leiar, og :
Er strukturert og tydeleg
Er ein god rollemodell og inspirerer andre til å bidra
Likar endring og likar å jobbe i team
Er fleksibel, kreativ og løysingsorientert
Likar å ha ansvar og tek ansvar
Er lojal
Vi tilbyr
Svært varierte arbeidsdagar der du i stor grad styrer avdelinga.
Dagtid 5dg/veke.
Godt fagleg miljø med bl.a. internundervisning.
Vi legg til rette for vidareutdanning og kompetanseutvikling
God pensjonsordning i KLP og konkurransedyktige lønsvilkår.
Kontaktinformasjon
Henriette Haugholt, Avdelingsleiar, 95776362, Henriette.Haugholt@kinn.kommune.no
Grethe Apalseth, Tenesteleiar Furuhaugane Omsorgssenter, 98907554, Grethe.Apalseth@kinn.kommune.no
Stine Hovland, HR-rådgjevar, 41534937
Arbeidsstad
JakobSandeveg 3
6900 Florø
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Kinn kommune
Referansenr.:4181411694
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 04.05.2020
Sluttdato: 03.05.2021
Søknadsfrist: 24.02.2020
Om bedriften
Kinn kommune blir den åttande største kommunen i nye Vestland fylke med våre 17.500 innbyggarar. Som arbeidsgjevar har vi 1600 tilsette og eit mål om "tidenes kompetanseløft". Kinn er ein kommune med delt kommunesenter. Det betyr at vi har lik fordeling av toppleiarstillingar mellom Måløy og Florø.