Skei bu- og miljøteneste har ledige helgestillingar
Sunnfjord kommune Skei bu- og miljøteneste
Sunnfjord
Om jobben
Stillingstittel
Helgestillingar
Type ansettelse
Fast, deltid 20%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
4
Skei bu- og miljøtenester yt døgnkontinuerlege tenester til personar med psykisk utviklingshemming. Tenestene inneber støtte og opplæring knytt til dagleglivets funksjonar som ernæring/hygiene, sosiale ferdigheiter og aktivitetar. Personalbasen er nær knytt opp til bufellesskapet med 8 leilegheiter. Vi vil at våre tenester skal gje dei som bur her gode opplevingar, meiningsfulle aktivitetar og trygge dagar.
Vi ser etter deg som vil vere med på dette.
Vi har ledige stillingar:
- 2 x 25 % stilling fast kvar 4. helg i langvaktturnus frå 1. oktober
- 2 x 20 % stilling fast kvar 3. helg frå snarast
Krav til søkar:
- fagbrev helsefagarbeidar eller barne- og ungdomsarbeidar
- har bachelorgrad i helse- og sosialfag eller pedagogisk utdanning
- studentar som tek relevant helse- og sosialfagleg eller pedagogisk utdanning og andre med erfaring eller interesse for denne type arbeid oppmodast til å søke, dei vert tilsett i mellombelse stillingar.
- god norsk skrifteleg og munnleg framstillingsevne
- godkjent politiattest av ny dato
Vi søker deg som:
- har ynskje om og glede av å arbeide med menneske med samansette behov
- har gode kommunikasjon og samarbeidsevner
- har evne til å arbeide både i team og sjølvstendig
- er fleksibel og påliteleg
- bidreg til eit positivt og godt arbeidsmiljø
- er ein pådrivar til å motivere og aktivisere brukarane, og som trivst å vere ute og vere fysisk aktiv
- vi ynskjer ei jamnare kjønnsfordeling i eininga og oppfordrar menn til å søkje
Studentar som tek vernepleie- eller sjukepleieutdanning har eiga lønsramme med stigande løn under studiet.
Tilsettingar vert føretatt fortløpande.
Velkomen som søkar!
Du må søke elektronisk.
Link til søknadsskjema: Søk her
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2707796
- Sist endret
26. august 2024
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3384875_191737_nn