Fastlege/kommuneoverlege ved Svelgen helsesenter
Org. nr: 959 318 166 Stillingsident: 4244233770 Presentasjon av stillingen:
Bremanger kommune med omlag 3700 innbyggjarar, har ledig ein fastlegeheimel frå 01.09.2020 ved Svelgen helsesenter.
Bremanger kommune har 5 fastlegeheimlar der 2 er på Hauge legekontor i ytre Bremanger og 3 ved Svelgen helsesenter.
Arbeidsoppgåver
Fastlegen sitt arbeid omfattar kurativt arbeid, deltaking i legevakt og deltidsstilling som kommuneoverlege. Ein må pårekne å verte tilplikta kommunale oppgåver.
Kommunen er tilslutta interkommunal legevaktsentral, lokalisert i Førde.
- Det er per no lokal legevakt i kommunen mellom kl. 08.00 og 22.00.
- Vi deltek i eit legevaktprosjekt der legevakt mellom 22.00 og 08.00 er lokalisert til Førde. Legevakt mellom 22.00 og 08.00 er organisert under interkommunal legevakt i Førde. I same tidsrommet har våre legar bakvakt, og det er etablert legevaktsatelitt ved Svelgen omsorgssenter drifta av sjukepleiar som har direkte kontakt med legevaktansvarleg lege ved Sunnfjord interkommunale legevakt i Førde.
- Tilplikting til kommunal bistilling etter gjeldande avtaler.
- Kommunen har Infodoc Plenario journalsystem.
- Avstand til Førde sentralsjukehus er 80 km.
Kvalifikasjonar
- Interesse for allmennmedisin
- Refusjonsrett
- Kvalifisert til å delta i legevakt.
- Gyldig norsk autorisasjon og gode norsk kunnskapar både skriftleg og munnleg.
Vi tilbyr
-
God pensjonsordning og heildøgns forsikring.
-
Hjelp til å skaffe bustad og barnehageplass.
Kommunen kan tilby driftstilskot i kombinasjon med fast tilsetjing.
Avtale om driftsavtale og/eller tilsetting i kommunal stillingsprosent, skjer på dei vilkår som til ei kvar tid gjeld med grunnlag i gjeldande lover, reglement, tariffavtalar, sentrale og kommunale avtalar om drift av fastlegeordninga.
Evt. vilkår for kjøp av delar av praksis, avtalast med selgar etter vanlege retningslinjer.
Kontaktinformasjon
Anita Brevik, Driftssjef , 95982939, anita.brevik@bremanger.kommune.no
Randi Ytrehus, Kommunalsjef Helse, 95988707, randi.ytrehus@bremanger.kommune.no
Arbeidsstad
Granden 1
6723 Svelgen
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Bremanger kommune
Referansenr.:4244233770
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 25.04.2021
Om bedriften
Bremanger kommune er ein kystkommune i Sogn og Fjordane med ca. 3.900 innbyggjarar. Kommunen har full barnehagedekning, trygge oppvekstvilkår og eit rikt kulturliv.
Her er variert natur med gode tilhøve for eit aktivt friluftsliv. Meir informasjon om kommunen finn du på www.bremanger.kommune.no