LÆRARJOBB I VAKRE OMGIVELSAR PÅ FJELLET!
Fjellgardane skule ligg på Hovden i Setesdal og er ein 1-7 skule og har om lag 50 elevar. Bykle barne- og ungdomsskule ligg i Bykle og er ein 1-10 skule og har om lag 65 elevar.
Bykle kommune har gode skular og ønskjer seg lærarar som kan vere med å gjere sitt til at vi blir endå betre. Skulane er godt utstyrte, inkludert svært gode digitale verktøy, for både lærarar og elevar. Det er gode uteområde med moglegheit for uteundervisning. Klassestorleiken er slik at uteaktivitetar er mogleg. Skuleutvikling og gode læringsmiljø er viktige for oss. Dette ønskjer vi at lærarane våre skal engasjere seg i. Lærardekninga er god og du vil møte dyktige lærarkollegaer. Du får gode vilkår for å utvikle variert og godt tilpassa opplæring.
Det er ledig inntil 4 faste og opp til 1 vikariat i 100 % stilling for skuleåret 2024/2025
Arbeidsoppgaver
- Planleggje og leie elevane si læring
- Analysera og følgje opp elevane si læring
- Sørgje for eit trygt, godt og inkluderande læringsmiljø for elevane
- Vere aktiv i eit lærande fellesskap på skulen og i samarbeid med andre
Kvalifikasjoner
- Formell utdanning som kvalifiserer for tilsetting og undervisning i grunnskulen
- Samla må dei tilsette ved skulen kunne dekke flest moglege fag, naturfag, engelsk, norsk og matematikk er særleg aktuelt.
- Fjellgardane skule søkjer fortrinnsvis etter allmennlærar, eller GLU 1-7 med brei fagkombinasjon- gjerne med kompetanse i musikk
- Må kunne bruke digitale læremiddel i undervisninga
- Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg
- Søkjarane må spesifisere fagkompetanse og oppgi studiepoeng for kvart fag i CV.
Personlige egenskaper
- Initiativrik, gode samarbeidsevner og kan jobbe sjølvstendig og strukturert.
- Løysingsorientert, fleksibel og beslutningsdyktig
- Lagspelar som er engasjert og motivert
- Vi legg vekt på at du må vere personleg eigna.
Vi tilbyr
- 40 000 i rekrutteringstillegg i hht. gjeldande tariffløn
- Oppfølging av mentor for nyutdanna
- Eit godt arbeids- og fagmiljø
- Gode faglege og personlege utviklingsmoglegheiter
- Velferdstiltak som skapar trivsel og samhald
- Gode pensjons- og forsikringsordingar
- Kommunen kan hjelpe til med å skaffe bustad
- Flyttegodtgjersle etter eige reglement
- Bedriftsleilighet i kanalbyen, Kristiansand
- Barnehage - og SFO plass frå dag ein i kommunen
Utlysninga gjeld også andre undervisningsstillingar som kan bli ledige.
Det vert kravd politiattest for tilsetting i stillinga.
Oppdatert CV, vitnemål og attestar skal lastas opp i Webcruiter. Aktuelle kandidatar vert invitert til intervju.
Tilsetjing skjer på dei vilkår som går fram av lover, reglement og tariffavtaler. Det vert trekt 2% pensjonsinnskot.
Bykle kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss.
Namnet ditt vil normalt bli offentleggjort i forenkla søkjarliste. Du kan be om å bli unnateke offentlegheit, men då må du grunngje dette skriftleg, jf. offentleglova §25. Kan ikkje kommunen imøtekome dette, vil du bli varsla før offentleggjering
Vi ønsker ikkje kontakt med annonseseljarar
Kontaktinformasjon
Lars Erik Domaas, Rektor/Virksomhetsleder, 95775888Gisle Bonna Espedalen, Rektor/Virksomhetsleder, 91802014
Arbeidssted
Sarvsvegen 144754 Bykle
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Bykle kommuneReferansenr.: 4779714146
Stillingsprosent: 100%
Vikariat, Fast
Startdato: 01.08.2024
Sluttdato: 31.07.2025
Søknadsfrist: 07.04.2024
Om bedriften
Bykle kommune har ca. 1000 innbyggjarar og ligg øvst i Setesdal. Det er 21 mil til Kristiansand, 20 mil til Stavanger (sommartid) og 35 mil til Oslo og Bergen. Kommunesenteret er i Bykle, medan Hovden er eit stort turistsenter. Fritidstilboda er mange og varierte både sommar og vinter. Mellom anna har vi alpinsenter, tilrettelagte langrennsløyper i nærområdet og i høgfjellet, golfbane og eit stort Badeland.
Bykle kommunen er organisert i to nivå: kommunedirektør med stab/støtteavdelingar og 7 tenesteeiningar, og har ca. 170 tilsette