Seniorkonsulent
Universitetet i Bergen
Jonas Lies vei 87, 5021 Bergen
Om jobben
Stillingstittel
Seniorkonsulent ved Klinisk institutt 1
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest torsdag 2. januar
Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Seniorkonsulent
Ved Det medisinske fakultet, felles studieadministrasjon for Klinisk institutt 1 og Klinisk institutt 2, er det no ledig ein fast stilling som seniorkonsulent (semesterkoordinator). Stillinga er fulltid, med tilsetjing så snart som mogleg.
Arbeidsoppgåver:
- saksbehandling, utgreiings- og utviklingsoppgåver som krev stor grad av sjølvstende og problemløysing
- sørge for drift og utvikling av emnar ved instituttet, i samarbeid med administrative- og vitskapelege tilsette og studentar
- administrativ koordinering, kvalitetssikring og utvikling av emner
- administrativt timeplanarbeid
- administrativt eksamensarbeid, inkludert objektiv strukturell klinisk eksamen (OSKE)
Det kan verte aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
- Søkjar må ha bachelorgrad. Lang relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning
- Søkjar må ha kjennskap til og røynsle frå universitetssystemet og offentleg forvalting samt god administrativ it-kompetanse
- Røynsle med dei fellessystema som UiB nyttar til studieadministrasjon (FS, Elements, TP, Inspera og andre) er eit føremon
Søkjar må kunne bruka båe målføre, samt munnleg og skriftleg engelsk.
Vi søkjer ein person som:- er sjølvstendig, effektiv, strukturert, nøyaktig og pliktoppfyllande
- er serviceinnstilt, må like å arbeide og med folk
- deltek aktivt for å skape eit godt arbeidsmiljø
- har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- har evne til å halde oversikt og samstundes ivareta detaljane i eit hektisk og travelt universitetsmiljø
- har god digital kompetanse og evne til å tileigne seg nye ferdigheiter
- har evne til problemløysing og initiativ til nye måtar å løyse arbeidsoppgåvene på, både for deg sjølv og for studieadministrasjonen.
- har stor arbeidskapasitet
Ved vurdering av søkjaren vil vi legge stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.
Vi kan tilby:
- Spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
- Løn som seniorkonsulent (kode 1363) er for tida kr 557 100 – 615 700 (lønssteg 57 - 63). For særs kvalifisert søkjar kan høgare løn vurderast.
- Medlemsskap i Statens pensjonskasse
- Gode velferdsordningar
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Øyvind Byrkjedal-Bendiksen på telefon 55 58 25 69 eller på e-post: Oyvind.Bendiksen@.uib.no
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Det medisinske fakultet består av fem institutt og åtte senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
Sektor
Offentlig