Assistent pleie. 15% fast helgestilling ved Barne- og ungdomsklinikken, Medisin C
Barne- og ungdomsklinikken/ Medisin C, barn og unge, Helse Bergen
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Assistent pleie. 15% fast helgestilling ved Barne- og ungdomsklinikken, Medisin C
Type ansettelse
Fast, deltid 15%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
4
Søk på jobben
Søk senest søndag 12. januar
Barne – og ungdomsklinikken, Medisin C har ledig fast 15% stilling som assistent i pleie.
Barne- og ungdomsklinikken er landets nest største klinikk for barn og unge. Vi har både lokale og nasjonale oppgåver, og dekker alle fagområda innan barnesjukdommar.
Barne- og ungdomsklinkken ligg i Glasblokkene og er organisert i 8 einingar: Medisin A, Medisin B, Medisin C, Nyføddintensiv, Eining for Barnekirurgi, Eining for legar, Eining for merkantile tjenester og Eining for habilitering.
Medisin C tilbyr ein spennande arbeidsplass, med engasjerte og kompetente medarbeidarar. Saman skal vi bidra for å sikra og utvikla gode tenester, og du vil vere ein viktig bidragsytar. Medisin C består av sengepost, barneovervaking, barnemottak og poliklinikk.
Vi jobbar med utgreiing og behandling av barn og unge mellom 0-18 år, med infeksjons-, lunge-, hjartesjukdommar, generell pediatri, akuttmedisinske tilstandar og sosialpediatri. I tillegg er det utgreiing av pasientar som ikkje har ei kjend diagnose, og som etter endt utgreiing blir overflytta til riktig seksjonen på Barn- og ungdomsklinikken.
Den som får tilbod om tilsetting må legge fram tilfredsstillande politiattest (vandel), jfr Lov om helsepersonell § 20a (gjeld arbeid med barn og utviklingshemma).
Arbeidsoppgåver
- Hos oss skal du observere og gi pleie til barn og ungdom
- Gi støtte og omsorg til pasientar og pårørande
- Du vil inngå i eit tverrfagleg samarbeid som skal gi pasientar og pårørande eit best mogleg opphold hos oss
- Vi er opptatt av rett kompetanse til våre pasientar og vi jobber derfor på tvers av seksjonar på BUK i forhold til pasientane sine behov
Kvalifikasjonar
- Du må ha påbyrja eller ferdig med helsefagleg utdanning
- Det er ønskeleg med erfaring frå barn på sjukehus eller annan erfaring med sjuke barn
- Interesse for å tileigne seg kunnskap
- Erfaring frå tverrfagleg samarbeid
- Det blir lagt vekt på at du er personleg eigna for å jobbe med pasientgruppa
- Meistre norsk skriftleg og munnleg. Søkarar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Som søkar må du vere fagleg engasjert, nøyaktig, sjølvstendig og ha evne til samarbeid
- Du må like å arbeide i høgt tempo og vere innstilt på endring
- Ha respekt for det enkelte medmenneske
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Like varierte utfordringar
Vi tilbyr
- Ein spennande og utfordrande jobb
- Opplæring
- Fagleg og personleg utvikling
- Godt arbeidsmiljø
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Åslaug Eide, Seksjonsleiar, 41701488Arbeidsstad
Haukelandsveien 225021 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse BergenReferansenr.: 4895116319
Stillingsprosent: 15%
Fast
Søknadsfrist: 12.01.2025
Kontaktperson for stillingen
Åslaug Eide
Seksjonsleiar
41701488
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2812350
- Hentet fra
talentech
- Referanse
e5b6efc5a0ff4f08bd175796c0760c75