Vikariat - kokk i 44,5% stilling
Gjermundnes vgs har ledig vikariat som kokk og vi søkjer etter ein dyktig og positiv person som kunne tenke seg å jobbe for oss i perioden 08.04.2019 - 31.03.2020.
Skulen har internatplass til ca 70 elevar og kantina er ein viktig trivselsfaktor for skulemiljøet.
For meir info om skulen sjå nettsida www.gjermundnes.vgs.no.
Krav til kompetanse
- fagbrev som kokk eller erfaring frå storkjøkken
- kunne arbeide både i team og vere sjølvstendig
- trivast i lag med ungdom
Vi tilbyr
- offentleg pensjonsordning og gode forsikringsvilkår (medlemskap i KLP)
- godt arbeidsmiljø
- løn etter avtale
Møre og Romsdal fylkeskommune har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med etterspurt kompetanse er velkomen til å søkje ledig stilling hos oss.
Søkarliste / Søkerliste
Vi gjer merksam på at søkarlista kan bli offentleg sjølv om søkar ber om anonymitet. Du vil bli varsla om dette.
Politiattest
Den som blir tilsett må levere politiattest.
Om bedriften
Bli med å utvikle regionen saman med oss! Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, vegar og kollektivtransport, tannhelsetenester, samfunns- og næringsutvikling. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen - hos oss får du utvikle deg sjølv og kompetansen din.Gjermundnes vidaregåande skule kombinerer tradisjon og nytenking. Skulen ligg i eit naturskjønt område ved Romsdalsfjorden, i Vestnes kommune, med gode kommunikasjonstilhøve i alle retningarGjermundnes vgs har dei siste åra hatt om lag 120 elevar. Skulen tilbyr internatplass til elevar utanom nærområdet.Vi tilbyr opplæring innan naturbruk, mekaniske fag og allmennfagleg påbygging.