Fagarbeidar/Assistent i barnehage frå 15.08.2024
Tokke Kommune Sentraladministrasjon
Storvegen 60, 3880 Dalen
Om jobben
Stillingstittel
Fagarbeider barnehage
Oppstart
15. august 2024
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
FAGARBEIDAR/ASSISTENT I BARNEHAGE
Tokke kommune har ledige stillingar, vikariat, som fagarbeidar frå 15.08.24.
Omfang av stillingane kjenner ein fyrst etter hovudopptaket i barnehagane.
Dalen barnehage
Ynskjer ein meir informasjon kan ein ta kontakt med styrar, Mona Båtnes, e-post: mona.baatnes@tokke.kommune.no eller mob.: 959 01 112
Høydalsmo barnehage
Ynskjer ein meir informasjon kan ein ta kontakt med styrar, Dagny Skjelbreid, e-post: dagny.skjelbreid@tokke.kommune.no mob.: 476 62 420
Byrte barnehage
Ynskjer ein meir informasjon kan ein ta kontakt med styrar, e -post: beate.lippert@tokke.kommune.no, tlf 476 70 008.
Åmdals Verk barnehage
Ynskjer ein meir informasjon kan ein ta kontakt med styrar, Kristine Berthelsen,
e-post: kristine.berthelsen@tokke.kommune.no mob.: 410 21 563
Me kan tilby:
· Utfordrande arbeidsoppgåver i ein service- og utviklingsorientert etat
· Eit godt arbeidsmiljø
· Ein spanande og variert kvardag saman med flotte born og dyktige medarbeidarar
· Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Personlege eigeskapar:
· Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
· Være engasjert, fleksibel, reflektert og tydeleg
· Ha evne til å sjå positivt på nye utfordringer
· Være ansvarsbevisst og sjølvstendig
Kvalifikasjonar:
· Godkjent utdanning som fagarbeidar
Andre (assistentar) kan òg søkje.
· Krav om norsk kunnskapar, etter barnehagelova §28
Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar.
Blir det fleire ledige stillingar fram til nytt barnehageår, vil ein nytte same søkjarliste.
Vi i Tokke kommune er oppteken av mangfald, og oppfordrar difor alle som er kvalifisert til å søkje, uansett alder, kjønn, funksjonshemming og nasjonal eller etnisk bakgrunn. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det.
Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Dei som vert tilsett, må leggje fram politiattest, før ein kan ta til i jobben.
I samsvar med Offentleglova §25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
Søknad vert å sende på elektronisk skjema, sjå www.tokke.kommune.no
Søknadsfrist: 10. mars 2024
Velkomen som søkjar!
Om bedriften
Tokke er ein av seks kommunar i Vest-Telemark. Kommunen har i underkant av 2200 innbyggjarar. Vi har mange aktive bygder og grender, med kvar sine kvalitetar, tradisjonar og eldsjeler. Kommunen har mange mindre matprodusentar som i stor grad nyttar utmarksbeite i våre flotte fjell- og heiområder.
Det er eit mangfaldig kultur og organisasjonsliv i kommunen.
E-134 er ei av hovudfartsårene mellom Austlandet og Vestlandet og går gjennom kommunen i Høydalsmo. Kommunesenteret Dalen er om lag 220 km frå Oslo. Dalen sentrum har bevart ein del av sine historiske bygg, bryggjeanlegg ved Telemarkskanalen og eventyrhotellet Dalen Hotel frå 1894. Suleskarvegen mot Stavanger, 230 km unna, er ein populær sommarveg gjennom kommunen.
Tokke er ein kraftkommune og Statkraft Region Sør-Noreg har regionkontor og Vest-Telemark kraftlag har hovudkontor i kommunen. Det er også fleire industri- og høgteknologiske verksemder her.
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2574760
- Sist endret
11. mars 2024
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
5208b850-231b-4ed3-a78a-280036cd9b7c