Logistikkmedarbeider
Felles støttefunksjon drift, Helse Møre og Romsdal HF
Åsehaugen 5, 6017 Ålesund, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Logistikkmedarbeider
Oppstart
1. mars 2025
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Søk på jobben
Søk senest onsdag 5. mars
Seksjon for forsyning og interntransport i Volda og Ålesund er ein del av Avdeling for logistikk og forsyning. Vi har ansvar for drift av lager, aktiv forsyning, interntransport, sengesentral og tekstilarbeid. Med tilsette både i Volda og Ålesund jobbar vi tett saman for å møte behova til sjukehuset. Vårt hovudfokus er å tilby støttetenester som legg til rette for trygg og effektiv pasientbehandling med høg kvalitet.
Har du erfaring innan logistikk og ser etter ein variert og meiningsfull kvardag? Då kan dette vere den perfekte jobben for deg!
Om stillinga
Vi har no ledig 1 fast stilling i 100 % og 1 vikariatstilling i 100 % i 6 månader.
Begge stillingane vil vere som logistikkmedarbeidar ved Ålesund sjukehus.
Arbeidstid: Dagtid.
Oppstart: Så snart som mogleg.
Her får du ein sentral rolle i å sikre at avdelingane våre har alt dei treng, slik at pasientbehandlinga går knirkefritt.
Arbeidsoppgåver
- Varebestilling, varemottak og utlevering til avdelingar
- Plassering og organisering av varer på avdelingslager
- Bistå avdelingar med spørsmål knytt til varebestilling og logistikk
- Sikre ryddige og oversiktlege varelager
- Andre arbeidsoppgåver kan kome til
Kvalifikasjonar
- Erfaring med lagerarbeid, logistikk eller liknande oppgåver innan helsesektoren
- Fagbrev innan logistikk er ein fordel, men relevant erfaring kan vege opp for manglande utdanning
- Gode datakunnskapar, med fordel kjennskap til SAP som lagerstyringssystem
- God fysisk helse og form
- Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Du trivst med høgt tempo og har stor arbeidskapasitet
- Du er strukturert, har god ordenssans og tek ansvar for å sikre kvalitet i arbeidet
- Du er løysingsorientert og handterer endringar på ein positiv måte
- Du har eit sterkt ønske om å yte god service og bidra til ei trygg pasientbehandling
Personleg eignaheit blir vektlagt
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Kontaktinformasjon
Vegard Edvardsen Kjemphol, Seksjonsleiar, vegard.edvardsen.kjemphol@helse-mr.noArbeidsstad
Åsehaugen 56017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4903408551
Stillingsprosent: 100%
Fast, Vikariat
Startdato: 01.03.2025
Sluttdato: 31.08.2025
Søknadsfrist: 05.03.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2866821
- Hentet fra
talentech
- Referanse
e0c38bbf3ed74db3aacf8dc7fb1cb81c