Assisterande avdelingssjukepleiar
Mottaksklinikken/ Korttidsposten, Helse Bergen
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Assisterande avdelingssjukepleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest fredag 29. november
Ønsker du varierte arbeidsoppgåver og faglege utfordringar? Korttidsposten søker ny assisterande avdelingssjukepleiar.
Korttidsposten er ein heildøgnsdriven sengepost i Mottaksklinikken med 20 senger. Posten har tverrfaglege team med legar og sjukepleiarar som tar i mot pasientar som har forventa kort liggetid. Pasientane har mange ulike diagnosar innan dei fleste medisinske fagområda og dei tilsette har brei fagleg kompetanse. Vi har eit aktivt og spennande arbeidsmiljø med varierte arbeidsoppgåver og stor gjennomstrømming av pasientar heile døgnet.
Korttidsposten har ledig stilling som assisterande avdelingssjukepleiar. Arbeidstid vil pt. vere på dagtid med arbeid kvar tredje helg.
Arbeidsoppgåver
- Undervising/rettleiing og tverrfagleg samarbeid
- Inngå i eit tverrfagleg samarbeid for å gje pasientar best mogleg opphald på avdelinga
- Gje god omsorg for pasient og pårørande
- Opplæring og rettleiing av studentar og nytilsette
- Vere med på å utvikle og forbetre avdelinga sitt arbeid med kvalitetsforbetring og pasienttrygglei
- Ta del i den til ein kvar tid oppgåver som ligg til avdelinga
- Delansvar for dagleg drift av eininga
Du må
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Gode språkkunsskapar i norsk, både munnleg og skriftleg
- Ha gode IKT-kunnskapar
- Ha kunnskap innan relevant medisinsk-teknisk utstyr og IKT-system
- Det vil vere ein fordel om du har leiarerfaring
Vi tenkjer at du
- Har eit godt lag med folk og får fram det beste i dei
- Bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
- Har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert
- Kunne arbeide godt både sjølvstendig og i team
- Arbeider målretta og toler å stå i krevjande situasjonar
- Trivast med å arbeide i eit tverrfagleg miljø og meistrar høgt tempo
- Er god til å sjå kva som må gjerast, og tilbyr og mottar gjerne hjelp
Vi tilbyr deg
- Ein spennande og utfordrande jobb i et tverrfagleg miljø
- Tilrettelegging for å utvikle deg som leiar og fagperson
- Moglegheit til å bidra i eininga si utvikling
- Triveleg arbeidsmiljø
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Høgt fagleg nivå
Kontaktinformasjon
Anette Tvedt, Seksjonsleiar, 55970880Arbeidsstad
Haukelandsveien 225021 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse BergenReferansenr.: 4884963676
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 29.11.2024
Kontaktperson for stillingen
Anette Tvedt
Seksjonsleiar
55970880
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2790817
- Hentet fra
talentech
- Referanse
34a9e437f48c4a5ca8bada627d463a75