Lærar - 100 % vikariat
Sør-Fron kommune
Bergevegen, 2647 Sør-Fron, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Lærar - 100 % vikariat
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest torsdag 2. januar
Midtbygda og Harpefoss skule har ledig eit 100 % vikariat i undervisningsstilling. Vikariatet er ledig for snarleg tilsetting, og varer ut skuleåret. Det kan bli moglegheit for forlenging.
Arbeidsoppgåver
Undervisningsstilling, som timelærar. Stillinga kan delast mellom fleire personar.Kvalifikasjonar
- Godkjent lærerutdanning, eller anna relevant utdanning.
- Vi viser elles til gjeldande avtaleverk.
Politiattest jf. Opplæringslova § 17-11 må leggast fram ved tilsetting, men skal ikke følgje med søknaden.
Personlege eigenskapar
Vi søkjer deg som:
- Er ein god og tydeleg klasseleiar.
- Har godt humør og eit positivt elev- og menneskesyn.
- En engasjert og målretta.
- Har ein undervisningsmåte som skapar trivsel og læring.
- Er sjølvstendig og trygg på deg sjølv.
- Har god relasjonskompetanse.
- Har god IKT-kompetanse.
- Har gode samarbeidsevner, er fleksibel og kreativ.
Vi tilbyr
- Eit ope og inkluderanse arbeidsmiljø der dei vaksne samarbeider.
- Eit profesjonsfagleg fellesskap med fokus på motivasjon, medverknad og meistring i opplæringa.
- Tilsetting på vanlege kommunale vilkår.
Kontaktinformasjon
Anne Rannveig Almehagen, Rektor Midtbygda og Harpefoss skule, 48092032, anne.almehagen@sor.fron.kommune.noArbeidssted
Bergevegen2647 Sør-fron
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Sør-Fron kommuneReferansenr.: 4896007588
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 02.01.2025
Kontaktperson for stillingen
Anne Rannveig Almehagen
Rektor Midtbygda og Harpefoss skule
48092032
Om bedriften
Sør-Fron kommune ligg midt i Gudbrandsdalen og har om lag 3.100 innbyggjarar. Kommunen sitt næringsliv er i hovudsak jord- og skogbruk, reiseliv og offentlege tenester. I kommunen er det to barneskular, ein ungdomsskole, ein leirskole og to barnehagar. E6 går tvers gjennom bygda.
Eit unikt kulturlandskap i dalsidene er bygda sitt særpreg.Sør-Fron er langstrekt og breier seg ut på båe sider av Laugen. Her er det store fjellområde med svært gode moglegheiter for jakt-, fiske- og naturopplevingar. I kvar sin ende av kommunen ligg nasjonalparkane Rondane og Langsua med urørt natur.
I Sør-Fron kan du besøke Hundorp, Dale-Gudbrands gard, der Heilag-Olav kristna dølane i 1021 og gå Pilegrimsleia gjennom eit av landets mest særskilte kulturlandskap. Etterpå kan du lade batteria i Fron badeland, eller besøke den åttekanta Sør-Fron kyrkje – Gudbrandsdalsdomen frå 1792. Du kan få gode kultur- og matopplevingar på kulturgardane våre, overnatte i trolske omgivnader i Elgtårnet i Espedalen eller på fjellhotella våre. Elles kan du legge skituren til Gålå om vinteren eller sjå Ibsens «Peer Gynt» ved Gålåvatnet om sommaren.
Velkome åt Sør-Fron!
Sør-Fron kommune ønsker ikkje å bli kontakta av annonseselgarar.
Namn, adresse, alder og stilling på søkjarar blir offentleggjort etter søknadsfristens utløp ihht. offentleglova. Søkjarar som ønskjer konfidensiell behandling, må grunngje dette spesielt i søknaden.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2811423
- Hentet fra
talentech
- Referanse
d6a97f3ee0574112b01fdd9a7c17fef3