Spesialsjukepleiar intensiv/kardiologi/lunge, sjukepleiar - Hjerte/medisinsk overvåkning
Org. nr: - Stillingsident: 4091944528 Presentasjon av stillinga:
Seksjon kardiologi og medisinsk intermediær overvaking søkjer ein ny kollega som er intensivsjukepleiar eller har lunge/kardiologisk vidareutdanning. Sjukepleiar, gjerne med erfaring frå lunge/kardiologi er også velkommen å søke.
Vi behandlar kardiologiske og indremedisinske pasientar som treng pleie og medisinsk overvaking. Seksjonen har engasjerte medarbeidarar og mange spennande og utfordrande arbeidsoppgåver. Stillinga inneber arbeid kvar tredje helg. Andre stillingsdelar og vikariat kan bli ledige, gjer merksam på om det er av interesse.
I nytt sjukehusbygg vil hjerte- og lungeavdelinga samdrifte, og ha 22 sengeplasser i nye lokaler. I tillegg skal den medisinske intermediære overvåkninga utvidas. Eininga skal sørge for effektive og trygge pasientforløp med utredning, behandling, pleie og omsorg, samt oppfølging av pasientar med hjarte- og lungesjukdom.
Vi ønskjer deg med som kollega i denne endringa. Ta gjerne kontakt om det er noko du lurer på.
Arbeidsoppgåver
- Sjukepleie i intensiv-/overvakingsfasen til vaksne pasientar med kompliserte hjarte-/lungelidingar og andre medisinske pasientar som treng pleie og medisinsk overvaking.
- Pre-, per- og postoperativ pleie til pasientar som er pacemaker-opererte.
- Sjukepleie til pasientar som treng intermediær overvaking og pleie.
Kvalifikasjonar
- Søkjarar må ha norsk Autorisasjon som sjukepleiar, gjerne med erfaring frå lunge/kardiologi. Autorisasjon som sjukepleiar med vidareutdanning i intensivsjukepleie eller lunge/kardiologisk vidareutdanning er også aktuell.
- Søkjarar må ha gode språkkunnskapar i norsk, svensk eller dansk skriflteg og munnleg.
Utdanningsretning
- Sykepleie
Utdanningsnivå
- Høyskole / Universitet, Diplom- / Bachelorgrad
Personlege Eigenskapar
- Vi søkjer spesialsjukepleiar/sjukepleiar som brenn for utvikling og nytenking, set pasientane i sentrum, har fokus på samhandling og tverrfagleg arbeid og er opptatt av å halde seg fagleg oppdatert. Trives i eit aktivt arbeidsmiljø med høgt arbeidstempo og har evne til å prioritere.
- Personlege eigenskaper vil bli tillagt avgjerande vekt.
Vi tilbyr
- Spennande arbeidsoppgåver i eit kjekt arbeidsmiljø.
- Opplæringsprogram for nytilsette.
- Seksjonsmøter og fagutvikling inngår i turnus.
- Seksjonen satsar på kontinuerleg kompetanse- og kvalitetsutvikling.
- Fagutviklingssjukepleiar.
Andre opplysningar
- Ingen reiseaktivitet
Kontaktinformasjon
Marit Elise Lier, Funksjonsleiar, (+47) 52732575
Inger Magnusson Hauge, Seksjonsleiar, 52732055
Arbeidsstad
Haugesund
Nøkkelinformasjon:
Annonsør:Helse Fonna HF
Ref. nr.:4091944528
Stillingsbrøk: 80-100%
Vikariat deltid
Startdato: 19.08.2019
Sluttdato: 23.02.2020
Tal på stillingar: 1
Søknadsfrist: 16.06.2019
https://www.webcruiter.no/wcmain/advertviewpublic.aspx?oppdragsnr=4091944528&company_id=1099396716&culture_id=NN-NO
For elektronisk søknadsskjema:[Klikk her]
Om bedriften
I Helse Fonna er vi meir enn 4000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre. Helse Fonna dekker 19 kommunar med rundt 180 000 innbyggjarar. Vi har sjukehus i Odda, Stord, Haugesund og Valen, fire DPS og ti ambulansestasjonar. For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.