Kulturhusmedarbeidar/badevakt - Tilkallingsvikarar
Gullbring - kulturhus, Midt-Telemark kommune
Gullbringvegen 34, 3800 Bø i Telemark
Om jobben
Stillingstittel
Kulturhusmedarbeidere - Tilkallingsvikarer
Type ansettelse
Annet
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Gullbring Kulturhus er eit av dei største og mest brukte kulturhusa i Telemark, og er ein del av Midt-Telemark kommune. Huset blir besøkt av om lag 220 000 menneske årleg. Vi driv kino, idrettshall, symjebasseng, konsertsal, kulturskule og har ti andre ulike større og mindre møterom, i tillegg til fleire leigetakarar innan kultur og idrett/fritid. Alt dette er knytt saman med ein stor kafé i vår lobby, Framstugo.
Me søkjer tilkallingsvikarar til vårt kulturhus, til bad, kafé og kino. Arbeidstida er primært på ettermiddagar, kveldar og i helg.
Som tilkallingsvikar vil du ha varierte oppgåver. Du vil ha vakter der du vil vere ansiktet utad i kafeen, sikre tryggleiken til dei som bader i bassenget, og operere kinoutstyret. Det vil alltid vere fleire på jobb som arbeider saman som eit team. Opplæring vil bli gitt på alle område, og ein må bestå ein livredningsprøve før tilstting dersom ein skal jobbe i badet.
Arbeidsoppgåver
- Badevakt - ivaretaking av tryggleiken til publikum
- Kulturhusmedarbeider
- kafemedarbeidar/resepsjonist
- Visning av film
- Handtering av publikum
- Generelt reinhald og vedlikehald av utstyr
- Håndtering av tilbakemeldingar på ein profesjonell måte
Kvalifikasjonar
Krav til kvalifikasjonar
- Gode svømmeferdigheiter og bestått livretningsprøve, som må gjennomførast hos oss før tilsetting.
- Være fylt 18 år
Ønska kompetanse
- Kvinner oppfordrast til at søkje
- Erfaring fra liknande stillingar
- Søkjar bør kunne meistre begge målformer
Særskilde krav
- Bestått livredningsprøve før oppstart i arbeidet - kan avvikast på enkelte tilkallingsvikarer
- Krav om politiattest, jf. politiregisterforskriften § 34-16, jf. politiregisterloven § 39 første ledd.. Politiattest skal framvisast før oppstart i stilling.
Personlege eigenskapar
- Sjølvstendig, tenesterett og tilpasningsdyktig
- Gode samarbeidsevner og vilje til å ha varierte arbeidsdagar
Vi tilbyr
- E-læringskurs for nytilsette i Midt-Telemark kommune
- Lønn etter gjeldande lov- og avtaleverk
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Kopi av vitnemål og attestar tas med ved eventuelt intervju.
Kontaktinformasjon
Trine Brox, Avdelingsleiar, +47 93090409Arbeidsstad
Gullbringvegen 343800 Bø
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Midt-Telemark kommuneReferansenr.: 4830379671
Søknadsfrist: 05.08.2024
Om bedriften
I staben (den sentrale administrasjonen) jobbar me for heile kommunen. Me er tre einingar som ivaretek oppgåver innan personalforvaltning, kommunikasjon, service, arkiv, politisk sekretariat og økonomiforvaltning. Kultur og fritid er også organisatorisk plassert i staben. Staben er i hovudsak ein tilretteleggar, rådgjevar og støtte til leiarane i rolla deira. Me skal sørgje for gode arbeidsprosessar, system, retningslinjer ol., og bidra til å sikre god medråderett mellom tilsette og kommunen som arbeidsgjevar. Me har også ansvar for informasjon og dialog med innbyggjarane gjennom ma. heimeside og sosial medie.
Staben blir leia av assisterande kommunedirektør og held til i kommunehuset i Bø.
Midt-Telemark kommune er opptekne av mangfald og vi oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming og etnisitet.
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2681289
- Sist endret
6. august 2024
- Hentet fra
talentech
- Referanse
66b5f5566ba145f4a3fbfcf030fd63f5