Barnevernskonsulent
Org.nr.:864338712 Stillingsident: Presentasjon av stillingen :
Kort om stillinga:
Vil du vere med å utvikle vår barnevernteneste? Vil du bidra til at barn og unge i vår kommune får den hjelpen dei treng? Vil du jobbe i eit engasjert og levande arbeidsmiljø? Då kan du vere personen vi søkjer!
Osterøy barnevernteneste utlyser to 100% faste stillingar som barnevernskonsulent. Barneverntenesta har i dag åtte tilsette, og den eine stillinga er ein del av ei styrking av tenesta. Barneverntenesta er organisert i Familiens hus. I Familiens hus finn du også tenestene PPT, Barn og familieteamet og helsestasjon. Familiens hus er plassert i Sektor for undervisning, oppvekst og kultur. Vår barnevernteneste har fokus på tidleg innsats, og ønskjer derfor i tillegg til å fylgje opp einskildsaker å bidra på systemnivå i høve til satsing på førebyggjande arbeid for alle barn.
Vi er nettopp flytta inn i nye fine lokaler i Lonevåg sentrum.
Arbeidsoppgåver:
Hovudoppgåvene er sakshandsaming etter Lov om barneverntenester, både undersøking, tiltaksoppfølging og fosterheimsoppfølging.
Kompetanse:
Søkjar må ha sosialfagleg utdanning, fortrinnsvis barnevernpedagog eller sosionom.
Fordel med erfaring frå barnevernsfagleg arbeid. Relevant videreutdanning innen fagfeltet vil bli vektlagt.
Personlege eigenskapar:
Vi søkjer etter ein person som:
• har eit fagleg engasjement med barn sitt beste i fokus
• viser raushet og respekt i møte med barn og familiar
• har gode samarbeidsevner og verdset samarbeid i kombinasjon med sjølvstendig arbeid
• har evne til å ha ei positiv haldning sjølv i ein hektisk kvardag
• har trygghet til å stå i krevjande situasjonar
• er strukturert og handlekraftig
• har god skriftleg framstillingsevne
• er opptatt av å utvikle tenesta og bidra til høg kvalitet
Søkjar må ha førarkort.
Vi tilbyr:
• variert arbeid i eit positivt arbeidsmiljø
• kompetente medarbeidarar og gode kollegaer
• fokus på fagleg utvikling.
Gode pensjons-, forsikrings- og lønnsvilkår.
Anna informasjon:
Dersom du tek imot stillinga, må du leggja fram politiattest som ikkje er eldre enn 3 mnd. jf. Barnevernloven Link til søknadsskjema: Send søknad For mer informasjon kontakt: , Jane Kollvangsnes Tønjum, Tlf: 56192231, Mobil 95824175, Epost: jane.tonjum@osteroy.kommune.no
Om bedriften
Nær byen, nær naturen. Osterøy, ei av dei største innlandsøyene i Nord-Europa, eit levande lokalsamfunn med allsidig næringsliv, godt utbygd servicetilbod og vakkert landskap. Folketalet er på ca 8 000 innbyggjarar. Bru-/ferjesamband til nabokommunen, Bergen. Frå Lonevåg sentrum tek det ca. 45 min kjøretur til Bergen sentrum, ca 30 min til Åsane og ca. 20 min til Arna