Ønsker du å inspirere ungdom?
Undervisningsstilling på vidaregåande skule
Setesdal vidaregåande skule består av avdelingane Hornnes, Valle og Hovden. Visjonen vår er "Vi vil vere ei drivkraft for kunnskap, utvikling og mangfald", og skulens fokusområde er læringsmiljø, elevmedverknad og vurdering. Avdeling Hornnes har utdanningstilbod innan studiespesialisering, helse- og oppvekstfag, byggfag, teknologi- og produksjonsfag og kvardagslivstrening.
Det er frå 01.08.2024 ledig vikariat i undervisningsstilling for skuleåret 2024/2025 i inntil 100% på avdeling Hornnes. Vi søkjer primært etter ein pedagog med undervisningskompetanse i økonomi, samfunnsfag, engelsk og norsk, men andre fag kan og vere aktuelle. Vikariatet kan bli tildelt som ein stilling eller delast opp i mindre stillingsprosent ut i frå fagkvalifikasjonar. Ved tilsetting vil personlege eigenskapar bli vektlagde. Vi tek atterhald om at tilbodsstrukturen blir vedteken og eventuell overtaligheit i fylkeskommunen.
Agder fylkeskommune meiner inkludering og mangfald er ei styrke. Vi jobbar difor for eit inkluderande arbeidsliv og har eit mål om at våre tilsette i størst mogleg grad speglar mangfaldet i samfunnet. Vi har tett og godt samarbeid med bedriftshelsetenestene, og vi jobbar for å tilrettelegge for at alle våre tilsette kan utøve sitt arbeid på best mogleg måte. Vi oppmodar alle kvalifiserte til å søkje, uavhengig av alder, kjønnsidentitet, funksjonsevne, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld dersom du har hatt opphald i arbeidslivet (hol i CV-en).
Arbeidsoppgåver
- Du skal planlegge, gjennomføre og evaluere undervisning
- Aktiv deltaking i fagleg og pedagogisk samarbeid
- Følgje opp elevar og bidra aktivt i arbeidet med elevane sin trivsel og læringsmiljø
- Ha fokus på læringsmiljø, elevmedverknad og vurdering, og rettleie elevar for best mogleg læringsutbyte
Kvalifikasjonar
- Du har godkjent pedagogisk utdanning
- Du har undervisningskompetanse i fag nemt i utlysinga
- Det er ønskeleg at du har erfaring frå vidaregåande skule, men det er ikkje eit krav
Personlege eigenskapar
- Du har god formidlingsevne og er fagleg oppdatert
- Du tek initiativ til samarbeid og prøver gjerne ut nye metodar i arbeidet for å skape lærelyst
- Du har eit positivt menneskesyn og har evne til å skape gode relasjonar med både ungdom og vaksne
- Du har evne til å omstille deg i ein hektisk kvardag
Vi tilbyr
- Liten og oversiktleg skule med hyggelege elevar og kollegium
- Ein arbeidsplass som har fokus på tillit, meistring og samarbeid
- Tilsetting i tråd med gjeldande lover og avtaleverk i Agder fylkeskommune
- God pensjonsordning i KLP/SPK. For meir informasjon om pensjon og våre øvrige goder, sjå vår nye nettside: www.agderfk.no/jobb
Kontaktinformasjon
Helene Dovland, Avdelingsleder skole, +4798828100Jens Petter Røed, Rektor/Virksomhetsleder, +4746937401
Arbeidssted
Gymnasvegen 74737 Hornnes
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Agder fylkeskommuneReferansenr.: 4787118688
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 01.08.2024
Sluttdato: 30.06.2025
Søknadsfrist: 14.04.2024