Ledige stillingar i heimetenesta område Fastlandet
Sjukepleiar
- Sjukepleiar 100% fast stilling i heimetenesta frå snarast.
-
- Ynskje om anna stillingsprosent kva vurderast.
- Base på Bryggja omsorgssenter som frå 01.01.2020 gjennom verksemdsoverdraging vil høyre til Stad Kommune.
Helsefagarbeidar
- Helsefagarbeidar 100% fast stilling i heimetenesta frå snarast.
-
- Ynskje om anna stillingsprosent kan vurderast.
- Base på Bryggja omsorgssenter som frå 01.01.2020 gjennom verksemdsoverdraging vil høyre til Stad Kommune.
Assistentar
- Vi har ledige vikariat med minimum 60% stilling med moglegheit for fast tilsetjing.
-
- Arbeid til kvar tid gjeldande turnus.
- Stillingane gjeld ung brukar og oppgåvene er knytt til personleg hjelp og trening med base i brukaren sin heim.
Vi har òg ledig
- Vikariat på natt frå snarast
- Faste helgestillingar kvar 2. eller 3. helg frå snarast
- Tilkallingsvikarar som kan ta ledige vakter på kort varsel
Base både på Bryggja og Kulatoppen omsorgssenter.
Vi oppmodar særskilt ungdom og studentar som kan tenke seg og prøve ut omsorgsyrke til å søke dei ledige helgestillingane.
Kvalifikasjonar:
- Har norsk autorisasjon som sjukepleiar/helsefagarbeidar
- Er kreative, engasjerte og tek initiativ og ansvar
- Kan arbeide sjølvstendig og i team
- Har positiv haldning og gode samarbeidsevner.
- Har bestått kurs i nasjonale fag.
- Har gyldig arbeids- og oppholdstillatelse.
- Har dokumentert norskkompetanse tilsvarande bestått norsk språkprøve nivå 3 /B2 skriftleg og muntleg eller tilsvarande
- Beherskar dei vanlegaste IKT-verktøy (word/excel/internett/e-post) samt har god kunnskap om bruk av dokumentasjonsverktøy
- Har førarkort klasse B
Vi kan tilby:
- Opplæring
- Spennande arbeidsoppgåver
- Utfordringar
- Dyktige medarbeidarar
- God pensjonsordning
- Løn etter kommunal tariff
- Sjukepleiarar i turnus får ekstra tillegg på kr. 28.000,- pr. år
- Ryddige arbeidsforhold
Vi legg vekt på personlege eigenskapar som:
- Positiv haldning
- God samarbeids- og kommunikasjonsevne
- Tek del i ansvarsgruppe og arbeid med individuell plan
- Er fleksibel, strukturert, løysingsorientert og arbeider sjølvstendig
- Ønskjer å vere ein del av kommunen sitt totale tilbod innan helsetenestene
- Evne og ynskje om å tileigne seg ny kunnskap og nytte dette aktivt i arbeidet
- Har positive haldningar og set brukaren i fokus
- Refleksjon og empati
- Arbeider tverrfagleg i team og på systemnivå
Den som vert tilsett må leggje fram politiattest av ny dato. Politiattest skal ikkje leggjast ved søknaden, men må leggjast fram av den som vert tilbydd stillinga før ein kan tiltre stillinga.
Vi gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Søkjarar som ønskjer unntak frå offentleg søkjarliste må grunngje dette særskilt i søknadsteksten i søknaden.
For nærare opplysningar kan du kontakte: Tenesteleiar på område Fastlandet, Tone Husevåg, tlf. 57 84 56 50 eller mobil 994 73 470.
Alle søkjarar til ledig stilling i Vågsøy kommune må registrere CV og sende søknad elektronisk.
Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Vi ber om at referanse vert oppgjeve.
Søknadsfrist: 03.03.2019 Link til søknadsskjema: Send søknad For mer informasjon kontakt: , Tone Husevåg, Tlf: +47 57845650, Mobil +47 99473470, Epost: tone.husevag@vagsoy.kommune.no
Om bedriften
Vågsøy kommune er ei naturperle som ligg ytst i Nordfjord mellom Ålesund og Bergen. Næringslivet er aktivt med hovudvekt på marine næringar. Kommunen har eit godt utbygd barnehage- og skuletilbod, kultur- og idrettstilbod og eit fatastisk turterreng. Kommunen har omlag 6100 innbyggjarar. Måløy er kommunesenter. For meir informasjon om regionen sjå www.nordfjord.no.