Overlege, spesialist i psykiatri
Divisjon psykisk helsevern/ Psykiatrisk klinikk/ Psykosomatisk medisin, Helse Bergen
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
Om jobben
Stillingstittel
Overlege, spesialist i psykiatri
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Psykiatrisk Klinikk er ein av seks klinikkar i Divisjon psykisk helsevern. Klinikken har tre avdelingar som er lokalisert ved Sandviken sjukehus: Avdeling stemningslidingar, Avdeling psykiatrisk akuttmottak (PAM) og Avdeling spesialisert psykosebehandling (ASP), og to avdelingar som er lokalisert på Haukelandsområdet: Regional avdeling spiseforstyrringar og Avdeling psykosomatisk medisin.
Avdeling psykosomatisk medisin består av 3 seksjonar. Seksjon konsultasjonspsykiatri gir tenester til dei somatiske einingane på Haukeland Universitetsjukehus og Haraldsplass Diakonale sjukehus, og har poliklinikk for psykosomatiske problemstillingar.
Seksjon for nevrostimulerende behandling tilbyr elektrokonvulsiv terapi (ECT) og er i ein prosess med reetablering av behandling med transkraniell magnetstimulering (TMS) til pasienter hovedsaklig med depresjon. Det nyetablerte Nasjonale kvalitetsregister for ECT er forankra i seksjonen.
Seksjon for alderspsykiatri behandler pasienter med alvorlige psykiske lidingar som debuterer etter fylte 65 år. Seksjonen har 12 senger, poliklinikk og ambulant team.
Vi har no ledig stilling for godkjend spesialist i psykiatri ved Avdeling psykosomatisk medisin. Overlegen vil vere tilknytt Seksjon konsultasjonspsykiatri, men må vere innstilt på å gjere arbeidsoppgåver innanfor dei tre ulike seksjonane.
Avdelinga har eit engasjerende og godt arbeidsmiljø med spesialister i psykiatri, psykologspesialist og psykiatriske sjukepleiarar, og vi tilbyr ein spennande jobb med anledning til å være med på å utvikle det faglige tilbudet ved avdelingen.
Vi er lokalisert i Glasblokkene, Haukeland Universitetssjukehus.
Arbeidsoppgåver
- Utgreiing/diagnostisering og behandling av enkeltpasientar knytta til Avdeling psykosomatisk medisin
- Arbeide i tverrfagleg team
- Rettleiing og formidling av kunnskap internt og til samarbeidande einingar
- Medverke til fagleg vidareutvikling av tenestetilbodet
- Ta del i samarbeidet mellom dei ulike seksjonane i klinikken
- Delta i klinikkens bakvaktsordning
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon
- Godkjend spesialist i vaksenpsykiatri, eller erfaren LIS som snart er godkjend spesialist i vaksenpsykiatri
- Søkar må meistre norsk både skriftleg og munnleg
- Det er ein fordel med erfaring frå behandling med alderspsykiatriske pasientar
- Det er ein fordel med erfaring frå ECT
- Det er ein fordel med erfaring frå konsultasjon-liaison psykiatri
Personlege eigenskapar
- Den som blir tilsett må ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Du er motivert, fleksibel, initiativrik, interessert og har respekt og engasjement for dine medmenneske
- Trivast med å jobbe i eit tverrfagleg team
- Vere bidragsytar for eit godt fagleg og sosialt arbeidsmiljø
- Vi legg vekt på at søkar er personleg eigna
Vi tilbyr
- Høgt fagleg nivå
- Anledning til forsking
- Interessante og varierte arbeidsoppgåver
- Eit engasjert og godt arbeidsmiljø
- Lønn etter avtale
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemålsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du legge ved godkjenning frå UDIR/Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HR-dir) i søknaden. Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.
Kontaktinformasjon
Ann Christin Øren Rivenes, Avdelingssjef, 55974562Arbeidsstad
Haukelandsveien 225021 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse BergenReferansenr.: 4843678769
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 01.09.2024
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2720522
- Hentet fra
talentech
- Referanse
667c5dc2d25847b19052c10fba59d3f1