Lærar
Rørstadmarka skule, Sula kommune
6035 Fiskarstrand
Om jobben
Stillingstittel
Lærar
Oppstart
1. august 2024
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
3
Rørstadmarka skule søkjer lærarar for komande skuleår. Vi har frå 01.-08.24 ledig inntil 300 % stilling, fast og vikariat.
Rørstadmarka skule vart opna hausten 2022 og ligg flott plassert på midtre del av Sula kommune. Skulebygget og uteområdet vårt byr på gode lære- og leiketilhøve og med nærleik til vatn, skog og fjell har vi høve til å legge opp til varierte arbeidsformer.
Skulen vår har vel 220 elevar og 40 tilsette. Vi har eit inkluderande og støttande arbeidsmiljø med god alders- og kjønnsfordeling. Vi arbeider etter visjonen vår "Ved Rørstadmarka skule har vi rom for alle og auge for den enkelte, vi arbeider saman om trivsel, meistring og læring". Ved å nytte fleksibiliteten vi har i skule- og uterom legg vi opp til at slagordet vårt; "leik og læring dag for dag", får leve i praksis.
Sula kommune har lagt til rette for digitalisering av læringsarbeidet og elevane har eigne læringsbrett som digitalt verktøy. I lag med fysiske bøker gir dette oss godt høve til variasjon i arbeidsmåtar.
Arbeidsoppgåver
- Undervisning i ulike fag
- kontaktlærar
- forplikte deg og delta i teamsamarbeid og pedagogisk utviklingsarbeid i profesjonsfellesskapet vårt
- planlegge, gjennomføre og evaluere læringsarbeidet til elevane
- sikre godt samarbeid mellom heim og skule
Kvalifikasjonar
Vi søkjer lærar med grunnskulelærarutdanning eller anna godkjend pedagogisk utdanning som er relevant for arbeid i grunnskulen. Det er ønskjeleg med kompetanse i begynneropplæringa og med minimum 30 std i to av tre basisfag (norsk, matematikk og engelsk). Andre fag som spes.ped og grunnleggande norsk for framandspråklege born blir også vurdert.
Du må ha god digital kompetanse då elevar og lærarar har iPad som verktøy og mykje av arbeidet og kommunikasjonen skjer digitalt.
Vi søkjer deg som arbeider systematisk med relasjonsbygging og læringsmiljø og som forstår samanhengen mellom det og god læring.
Personlege eigenskapar
Vi søkjer ein lærar som
- har god forståing for LK20 og som kan bruke dette i planlegging, gjennomføring og evaluering av læring.
- som har gode evne til samarbeid og som bidreg til at elevar og kollegaer lærer gjennom godt teamsamarbeid
- som kan bygge gode relasjonar med barn og vaksne.
- trygg vaksen og som utøver god klasseleiing.
- har godt humør og stor arbeidskapasitet
- er positiv og ønskjer å bidra sosialt både inn mot elevar og tilsette.
Personlege eigenskapar vert lagt vekt på.
Vi tilbyr
- Eit stabilt og støttande personale med god aldersblanding.
- Ein interessant arbeidskvardag med utfordrande og varierte oppgåver.
- I tillegg til løn og arbeidsforhold etter gjeldande lov og regelverk får du arbeide i lag med engasjerte tilsette i eit engasjerande og inkluderande miljø.
Kontaktinformasjon
Janne-Lise Dragsund Lundbø, Rektor, +4795710200, janne-lise.d.lundbo@sula.kommune.noTurid Olava Stokke, Inspektør , 95710201, turid.olava.stokke@sula.kommune.no
Arbeidsstad
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Sula kommuneReferansenr.: 4780873157
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.08.2024
Søknadsfrist: 22.03.2024
Om bedriften
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2587265
- Sist endret
23. mars 2024
- Hentet fra
talentech
- Referanse
026e19042e2e4767ab8ff050976d265e