Fysioterapeut 80 % driftstilskott
Vang Kommune, Helseavdelinga
Tyinvegen 5151, 2975 Vang i Valdres
Om jobben
Stillingstittel
Fysioterapeut 80% driftstilskott
Type ansettelse
Fast, deltid 80%
Arbeidstid
Dagtid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
80 % driftstilskudd for fysioterapeut ledig i Vang kommune frå 1.1.2025
Arbeidsoppgåver
- Arbeidet som avtalefysioterapeut omfattar undersøkelsar, behandling og rehabilitering, rettleiing og opplæring.
- Pasientgruppa er mangfoldig, og som fysioterapeut ved Vang Fysikalske Institutt er det forventa at du behandlar alle typar pasientar.
- Verksemda skal utøvast i tett samarbeid med kommunal fysioterapeut, andre kommunale tenestar og andre aktuelle samarbeidspartnarar.
- Avtalefysioterapeut har kommunale oppgåver.
- Ved behov skal fysioterapi tilbys i brukers hjem/på brukers arena.
- Det forventes også deltakelse i videreutviklinga av gode fysioterapitenestar for befolkninga i tråd med framtidig behov.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som fysioterapeut
- Relevant erfaring og relevant vidareutdanning er eit føremonn, men ikkje eit krav
- Erfaring frå kommunefysioterapi, spesielt frå arbeid med born og unge er eit føremonn
- God norsk skriftleg og muntleg formidlingsevne
- Gyldig politiattest er ein føresetnad for tilsetjing, jfr. Lov om helsepersonell §20a.
Personlege eigenskapar
Me søkjer deg som
- Har engasjement for faget og evne til å bygge relasjonar med brukarar og kolleger
- Er initiativrik, løysingsorientert og fleksibel
- Har evne til å jobbe sjølvstendig og strukturert og med god gjennomføringsevne
- Meistrar å prioritere og omfordele arbeidsoppgåver
- Kan samarbeide og jobbe tverrfagleg
Me vektlegg personleg eignaheit.
Vi tilbyr
- Ein arbeidsplass med eit godt arbeidsmiljø
- Faglege utfordringar
- Det ligg godt til rette for tverrfagleg samarbeid, då Vang fysikalske institutt er samlokalisert med ergoterapitenesta, frisklivssentral, legekontor, helsestasjon og psykisk helseteneste.
- Me tilbyr gunstig leigeavtale ved Vang fysikalske institutt. Det er to andre fysioterapeutar ved instituttet.
- Driftsavtala regulerast av den til eikvar tid gjeldande ASA 4313
Kva får du ved å flytte til Vang? Sjå Vangsfilmen: https://www.youtube.com/watch?v=wZkS7o1mtBU
Kommunen kan hjelpe med å skaffe bustad, men sjekk også ut: https://www.vangivaldres.no/arbeid-og-bustad/bustader-og-tomter
Kontaktinformasjon
Seija Johanna Kumpula, Leiar for helseavdeling, 97743775, Seija.Johanna.Kumpula@vang.kommune.noArbeidssted
Tyinvegen 51512975 Vang i Valdres
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Vang KommuneReferansenr.: 4840144378
Stillingsprosent: 80%
Fast
Søknadsfrist: 20.10.2024
Om bedriften
Vang kommune som arbeidsgjevar:
- Ca 290 tilsette fordelt på kommunalområda: Helse og omsorg, Utdanning og kultur, Landbruk og teknisk, og Stab
- Den viktigaste ressursen me har er våre tilsette. I Vang kommune gjer me det me kan for at tilsette skal ha det bra på arbeid!
Å bu i Vang kommune:
- Ei storstilt satsing på barn og unge!
- Ein kombinert barne - og ungdomsskule, med ca 200 elever. Nyrenovert med heilt ny fleirbrukshall med klatrevegg, basseng etc. Tolærarsystem, slik at det nesten alltid er to lærarar tilstades i klasserommet. Skulen nyttar Vang sin flotte natur mykje, både ved uteskule, faget FRI-NAT (friluftsliv og natur), og spanande utflukter. I Vang er SFO gratis for alle barn!
- Vang kommune har to barnehagar, Høre og Fredheim, begge har småbarns og storbarnsavdeling. I Vang er det løpande barnehageopptak (start når det passar dykk!) og frå august 2024 er månadsprisen per barn 1500 kr
- Helse og omsorgstenester av god kvalitet
- Vang kommune har personalbustadar til leige, med butid opptil 3 år
- Byggeklare tomter fleire stadar i kommunen, alle med fantastisk utsikt!
- I Vang finn du 2 solide kontorfellesskap, gjer som fleire andre og ta med deg arbeidet til Vang!
- Både i Vang og resten av Valdres finn du eit yrande kulturliv, der tradisjon står i høgsete, med blant anna tradisjonsmat, tradisjonsmusikk, tradisjonshandtverk og aktiv stølsdrift. Vang kommune har også ein god kulturskule med stort utval av tradisjonelle og moderne aktivitetar
- I Vang står lag, foreiningar og idrett sterkt, her finn du aktivitetar for einkvar smak!
- Vang har ein storarta natur som innbyr til friluftsliv sommar som vinter, er du glad i turar, ski, jakt og fiske så er dette staden for deg! Vang blir sagt å ha "vestlandsfjell med austlandsklima", og er ei bygd med landbruk, grundarar, turisme og næringsliv i eit levande og inkluderande bygdesamfunn. I Vang finn du også store delar av Jotunheimen og ikkje minst festivalen Vinjerock
- I Vang har dei fleste kort avstand mellom arbeid, barnehage og skule. Her kan du leve eit så roleg eller så aktivt liv som du sjølv ynskjer, i ei distriktskommune med positiv folketalsutvikling
- Meir info om korleis det er å bu i Vang og kva som skjer i Vang finn du her på VangiValdres. Kontakt gjerne Innovangsjon direkte om du tenker på å flytte til Vang!
- Meir info om arbeids - og bumarkedet Valdres finn du på VelgValdres
Vang kommune er opptatt av mangfold og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søke uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Me gjer merksam på at søkjarar kan få sitt namn gjort offentleg i søkjarlista, sjølv om det er bedt om konfidensiell behandling. Du som søkjar vil i tilfelle bli varsla på førehand om det.
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2760459
- Hentet fra
talentech
- Referanse
fdbcc6ecea9c497fa025b3c9e4be3a63