2 stillingar à 100% som fagarbeidar for skoleåret 2025/26ved Kinsarvik skule og SFO
Ullensvang kommune Kinsarvik skule
Opheimsgata 31, 5750 Odda, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Søk på jobben
Søk senest søndag 2. mars
Som fagarbeidar hos oss får du arbeide i eit miljø med kjekke kollegaer, høg kompetanse og moglegheit til å delta i vidareutvikling av skulekvardagen til 172 flotte elevar!
Ledige stillingar ved Kinsarvik skule, skuleåret 2025/26
Det blir ledig inntil 2x 100 % stilling i vikariat ved Kinsarvik skule frå 01.08.2025.
Om skulen
Kinsarvik skule er ein 1.-10. skule i Ullensvang kommune. Skulen har 170 elevar, og 40 tilsette. Me ligg fint til i sentrum av bygda Kinsarvik med gode uteområde rundt skulen.
Utviklingsområdet vårt er motivasjon og meistring for alle. I tillegg arbeider skulen for at alle elevane skal ha eit godt læringsmiljø.
Skuleleiinga består for tida av rektor og to avdelingsleiarar.
Skulen har 60 % merkantil ressurs.
Arbeidsoppgåver:
- Følga opp enkeltelevar.
- Vera ei støtte til læraren i undervisning.
- Hjelpa til med undervisning i små grupper.
- Vera ein ansvarleg vaksen i friminuttet.
- Sjå enkeltelevar og sette deg inn kva behov dei har i kvardagen.
- Samarbeida godt med lærarar og andre tilsette på skulen.
- Visa omsorg og engasjera deg i elevane sin skuledag
- Vera tydeleg og klare å sette grenser
Me ser etter deg som :
- er ein god relasjonsbygger
- har godkjent utdanning som barne-og ungdomsarbeidar eller tilsvarande.
- relevant erfaring frå skule
Me tilbyr:
- Varierte arbeidsoppgåver
- Løn etter hovudtariffavtalen
- Gode moglegheiter for kompetanseheving med støtte frå kommunen
- Ullensvang kommune har inkluderande arbeidsliv (IA), fleksibel arbeidstid og gode permisjons- og pensjonsvilkår
Krav:
Sletting av utdanningsgjeld/studielån:
Ullensvang kommune er omfatta av ordninga.
Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld.
Til orientering om Offentleglova:
Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:
Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2859628
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3464591_193951_nn