Austarheim skule søkjer
Sauda kommune Austarheim skule
Rådhusgata 32, 4200 Sauda
Om jobben
Stillingstittel
Avdelingsleiar
Type ansettelse
Fast
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Austarheim skule er ein barneskule med elevar frå 1. – 7. trinn. Austarheim skule har ca 170 elevar.
Som ein del av laget for å styra og leia skulane, søkjer me etter ein avdelingsleiar som er utviklingsorientert og strukturert, god på samarbeid og relasjonsbygging, og har målet om eit inkluderande fellesskap for alle, som overordna rettesnor for alt arbeid som blir gjort.
Avdelingsleiarstillinga er 100 % fast, og blir fordelt mellom avdelingsleiarppgåver og undervisning/andre oppgåver. Ved Austarheim skule utgjer avdelingsleiarstillinga 30 %.
Ved intern tilsetting kan det bli ledig lærarstilling.
Arbeids- og ansvarsområde
- Vikaransvar
- Daglig drift og undervisning
- Timeplanlegging i samarbeid med leiargruppa
- Oppfølging av pedagogisk og psykososialt arbeid
- Pedagogisk leiing og utviklingsleiing i samarbeid med rektor
Krav til kompetanse:
- Godkjent pedagogisk kompetanse
- Godkjent undervisningskompetanse for barnetrinnet
- Gode IKT- dugleikar
- God norskkunnskap, både munnleg og skriftleg
Personlege dugleikar vil bli vektlagt
Me søkjer etter personar som
- er god til å byggja lag/kan relasjonell leiing.
- vågar å tenke nytt når det me gjer ikkje fungerer.
- har mot og evne til å styra og leia.
- er fleksibel, strukturert og effektiv i ein hektisk kvardag
Me kan tilby
Ein spanande og variert jobb
Pensjonsordning i SPK/KLP
Gode forsikringsordningar
Tilsettingvilkår
Den som blir tilsett vil vere underlagt dei løns- og arbeidsvilkår som går fram av gjeldande lovar, forskrifter og avtalar, samt lokale avtalar, reglement og retningslinjer for Sauda kommune. Ved tilsetting vil vi krevje godkjent politiattest.
Søknad
Sauda kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Me tilrår derfor alle å søkja via vårt elektroniske søknadssystem. Det er ikkje mogleg å leggja ved vitnemål, attestar og liknande. Dette blir tatt med til intervju.
Om du har behov for hjelp med registrering av søknad, ta kontakt med lønns- og personalavdelingen på mail til lonn@sauda.kommune.no
Velkommen som søkjar.
Link til søknadsskjema: Søk her
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2706494
- Sist endret
17. august 2024
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3382455_200789_nn