Ferievikarar på Kåsa bu- og avlasting 2025
Avdeling for habilitering, Nissedal kommune
Treungvegen 505, 3855 Treungen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sommervikarer
Type ansettelse
Sesong, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
5
Søk på jobben
Søk senest fredag 28. februar
Sommaren kjem og me treng ferievikarar på Kåsa bu og avlastning, slik at dei faste tilsette kan ta ut ferien sin. Kåsa har seks bueiningar samt avlasting.
Me treng ferievikarar i vekene 25-32, dag, kveld og natt.
Ynskjer du ein sommerjobb der du kan vere med å skape eit godt og meiningsfylt liv for andre? Vi treng deg på laget!Søknaden din må innehalde:
- Kva for periode du kan jobbe
- Om du har spesifikke ynskje i forhold til ferie/fri
Arbeidsoppgåver
- Delta i brukaranes daglege gjeremål og aktivitetar
- Alt frå praktiske gjeremål i bustaden til personleg hygiene. (Turtøy og badetøy er fint ha tilgjengeleg sånn at ein kan bruke nærområda om sommaren.)
- Det vil vere stor variasjon i arbeidsdagane sidan brukarane våre har ulike behov
- Bidra til et positivt arbeidsmiljø
- Fylgje dagsplanar og rutiner
- Rapportering
Kvalifikasjonar
- Vi treng ulik kompetanse slik som:
- 3-årig relevant høgskuleutdanning
- verne-/sjukepleiestudentar
- fagarbeidarar innan helse/barn/ungdom
- assistentar
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
- Førarkort kl. B, manuell
Personlege eigenskapar
- Du er motivert til å gjere en god innsats for brukarane våre
- Du jobbar sjølstendig samtidig som du er god på samarbeid
- Du bidrar til å gi gode tenestar til brukarane våre
- Du har et engasjement og interesse for tenesteområdet og vil bidra til et godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Spennande stillingar med moglegheit for fagleg og personleg utvikling
- Nødvendig opplæring
- Godt arbeidsmiljø
- Bonusordningar dersom du bind deg for 5, 6 og 7 veker der arbeidsgivar har styringsrett.
- 5 veker kr 7 500
- 6 veke kr 10 000
- 7 veker kr 15 000
- Ekstra løn for studentar med relevant høgskuleutdanning
- Vernepleiarar/sjukepleiarar får ein inngangsansiennitet på 10 år
- Varierande arbeidsoppgåver
- God pensjonsordning
- Tilsetjingsvilkår etter gjeldande lov, tariffavtale og kommunen sitt reglement
Kontaktinformasjon
Elisabet Nyhus, Avdelingsleiar habilitering, +47 95 15 14 18Arbeidsstad
Treungvegen 5053855 Treungen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Nissedal kommuneReferansenr.: 4910101668
Stillingsprosent: 100%
Sommarjobb
Søknadsfrist: 28.02.2025
Kontaktperson for stillingen
Elisabet Nyhus
Avdelingsleiar habilitering
+47 95 15 14 18
Om bedriften
Nissedal – der gode liv levast
Nissedal kommune ligg sør i Vest-Telemark, og administrasjonsstaden er Treungen. Andre tettbygde stader er Kyrkjebygda, Fjone, Haugsjåsund og Felle. Me har om lag 190 årsverk, og saman jobbar me får å gi kommunen sine 1 450 innbyggarane gode helse- og velferdstenester, oppvekst- og utdanningsmoglegheitar, kultur- og fritidstilbod og eit godt bygdemiljø.
Me er stadig på utkikk etter nye, engasjerte og motiverte medarbeidarar, og hjå oss finns det spennande karrieremoglegheitar innan fleire fagfelt.
Attestar, vitnemål og vedlegg må leggast ved søknaden. Me oppfordrar søkarar til å bruke Vitnemålsportalen. Utdanning gjennomført utanfor Norge må vere godkjent av NOKUT, og godkjenninga må dokumenterast.
Til informasjon så førast søkarane opp på offentleg søkarliste. Det kan søkast om anonymitet, men då må det ligge føre særskilte grunnar for å få godkjent unntak, jf. Offentleglova § 25.
Gyldig politiattest må leggast fram der det er eit krav.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2854529
- Hentet fra
talentech
- Referanse
87da2679e81b45b8901f1809dd8127c8