ID 1852 Miljøterapeut - Eining for habilitering
Avdeling Kjøtteinsvegen/Valvatna yter tenester til vaksne menneske med funksjonsnedsetting.
Me er organisert i Eining for Habilitering, som har hovudkontor i SKE bygget på Leirvik. Avdelinga har to basar, ein i Kjøtteinsvegen og ein på Valvatna.
Me er ei mangfaldig personalgruppe som trivst godt i saman. Me ynskjer medarbeidarar som kan jobba sjølvstendig og i team, har arbeidsglede, likar utfordringar og har evne til å vera løysingsorientert. Du er fagleg trygg og kan ta ansvar i avdelinga. Du har godt humør og evne til å motivera og engasjera, og du har gode samarbeidsevner. Du er positiv, initiativrik og strukturert.
Det er ledig fast 75% stilling som miljøterapeut. Stillinga er i turnus med langvakter, døgnvakter og arbeid kvar 4 helg. Stillinga er ledig frå dags dato.
Arbeids- og ansvarsområde er mellom anna:
- Kartlegga behov og utarbeida faglege mål
- Oversikt over mål, oppgåver, aktivitetar og organisering av eininga og avdelinga
- Ansvar for legemiddelhandtering og opplæring
- Gi omsorg, skapa tryggleik og livskvalitet for brukar
- Legga til rette for aktivitet, trivsel og meistring
- Yta tenester av god kvalitet etter gjeldande lovverk
- Utføra helse- og omsorgsoppgåver etter fagleg standard
- Samarbeida og dela kompetanse på tvers av avdelingane
- Kjenna til og bruka eininga og avdelinga sine prosedyrar og rutinar
- Halda deg fagleg oppdatert
- Halda deg oppdatert på gjeldande lovverk og avtalar
- Sørga for presis og utfyllande dokumentasjon
- Gjera deg kjent med og bruka aktuelle dataprogram som kommunen har i si drift
Kvalifikasjonskrav:
- Autorisert vernepleiar, autorisert sjukepleiar eller bachelor innan sosialfagleg eller
- pedagogisk utdanning
- Erfaring frå å jobba med brukargruppa
- Førarkort klasse B
- God fysisk og psykisk helse
- God norsk framstillingsevne både munnleg og skriftleg, er eit krav.
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt ved tilsetting.
- Ved tilsetjing vert det stilt krav om at ein legg fram politiattest av ny dato.
Me kan tilby:
- Varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg fagmiljø
- Godt arbeidsmiljø
- Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.
- Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk
Offentlig tenestepensjon i KLP - Kort fortalt
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Kontaktperson: Avdelingsleiar Rita Tyse Hjertholm, tlf. 53 40 97 44/926 11 149 eller einingsleiar Nina Steinsbø Walquist, tlf. 53 49 68 82/975 52 048
Om bedriften
Stord kommune er ein industrikommune i Hordaland med ca. 19 000 innbyggjarar. Det er stor og variert aktivitet både i arbeidsliv og for fritid. Me har eit rikt kulturliv og det er gode vilkår for idretts- og friluftsliv. Her er flott natur med skog, sjø, vatn og fjell som ligg nær til for trivlege opplevingar og aktivitetar ute. Det er god kommunikasjon til Haugesund, Stavanger og Bergen. Barnehagar og skuleverket har god kvalitet. Me har m.a. vidaregåande skular, allmenn- og førskulelærar-, sjukepleiar- og ingeniørutdanning. Stord sjukehus er lokalsjukehuset for 50000 innbyggjarar i regionen Sunnhordland.