Sjukepleiar
Org. nr: - Stillingsident: 4352222283 Presentasjon av stillingen:
Vi har ledig 50 % fast stilling for sjukepleiar ved Døgnbehandling psykisk helse DPS Volda frå 01.06.2021. For tida 3- delt turnus.
DPS Volda døgnseksjon er ein del av DPS Sunnmøre. DPS Volda består av 3 seksjonar, ambulant seksjon, poliklinikk og døgnseksjon. Døgnseksjonen har 12 sengeplassar, der to er brukerstyrte og ei vert disponert av akutt heimebehandlingsteam. Vi gir tilbod om tverrfaglig utgreiing - og behandling til pasientar over 18 år med psykiske lidingar. Vi legg stor vekt på samarbeid med pasient, pårørande og kommunale instansar.
Midt i det beste Norge kan by på av fjell og fjord finn du Volda. Opplev dei ville og vakre sunnmørsalpane som byr på alt frå enkle ruter og oppmerka stiar i flate fjelldalar til utfordrande klatreturar og fantastiske toppturar. Vi byr også på eit særs blommstarnde kultur - og idrettsliv og eit framoverlent høgskulemiljø. Det er gode kommunikasjonar med flysamband til Berge og Oslo frå Ørsta/Volda lufthamn.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden.
Arbeidsoppgåver
- Arbeide etter oppsette behandlingsmål og tiltak for pasientgruppa
- Halde seg oppdatert på seksjonen sine rutiner og prosedyrer
- Tverrfagleg samarbeid internt og med våre samarbeidspartnarar i kommunane, samt spesialisthelsetenesta
- Samarbeid med pårørande
- Ansvarsvakt med dei oppgåver og ansvar det inneber
- Delta aktivt i seksjonen si utvikling
Kvalifikasjonar
- Autorisert sjukepleiar
- Vere villig til å ta videreutdanning i psykisk helsearbeid
- Må meistre norsk skriftlig og munnleg,
Personlege eigenskapar
- Ansvarsfull
- Strukturert
- Løysingsorientert
- Stort faglig engasjement
- Gode kommunikasjons - og samarbeidsevner
- Stor arbeidskapasitet
- Bidragsytar til eit godt arbeidsmiljø
- Omstillingsdyktig
- Fungere godt i team
Personlige eigenskapar vert vektlagt.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Kontaktinformasjon
Grete Ryste Flåskjer, Seksjonsleiar, 70058660 , Grete.Ryste.Flaskjer@helse-mr.no
Arbeidsstad
6100
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.:4352222283
Stillingsprosent: 50%
Fast
Startdato: 01.06.2021
Søknadsfrist: 15.03.2021
Om bedriften
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, men har også sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Våre sjukehus finn du i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund, og i tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Vi legg til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Uansett kva stilling du søkjer, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og di kompetanse på ein stad kor det verkeleg tel. Bli med på laget!
For meir informasjon om helseforetaket, sjå Helse Møre og Romsdal