Fastlege - 80 - 100% fastløna vikariat
Stillingsinformasjon
Det er ledig vikariat for fastlege på fastløn ved Frekhaug legesenter med snarleg tiltreding.
Senteret har 6 fastlegar, 1 LIS1, jordmor og hjelpepersonell.
I første omgang er det ledig vikariat til 1. mars 2020. Det må påreknast deltaking i interkommunal legevakt.
Kvalifikasjonskrav
Norsk autorisasjon som lege.
Gode kunnskapar munnleg og skriftleg.
Godkjend politiattest.
Evne til samarbeid vert tillagd avgjerande vekt.
Søkjar bør vere vaktkompetent.
Vi tilbyr
Løn etter gjeldande avtale.
God pensjonsordning.
Eit travelt og triveleg arbeidsmiljø, med hyggelege pasientar og tilsette.
Generell informasjon
Godkjend politiattest som ikkje er eldre enn tre månader må framvisast ved tilsetting og seinast før arbeidstakar byrjar i stillinga.
Søknad skal sendast
Søknad skal sendast via vårt elektroniske søknadssystem.
Rettkjende kopiar av vitnemål og attestar skal takast med ved eventuelt intervju.
Om bedriften
Meland kommune er ein del av Nordhordlandsregionen og nabokommune til Bergen. Kommunen opplever sterk folkevekst og har eit innbyggjartal på ca. 8.000. Det er god kollektivtransport til/frå Bergen med hurtigbåt eller ekspressbuss, og reisetida frå Bergen til kommunesenteret Frekhaug er under 1/2 time.For å løyse og utvikle alle dei ulike oppgåvene kommune er tillagt treng vi engasjerte og kompetente medarbeidarar - som vil oppleve at arbeidsoppgåvene og bidraget deira er meiningsfylt og del av eit viktig samfunnsoppdrag. Meland kommune har ei verdimessig forankring som kjem til uttrykk gjennom visjonen vår "Eit samfunn for alle".