ID 819 Undervisningsstillingar i grunnskulen
Fitjar kommune har tre grunnskular av ulik storleik:
Rimbareid barne- og ungdomsskule 1.- 10. årstrinn ca. 350 elevar
Øvrebygda skule 1.-7. årstrinn ca. 40 elevar
Selevik skule 1. - 7. årstrinn ca. 20 elevar
Frå 01.08.2023 er det ledige undervisningsstillingar både i barneskulen og i ungdomsskulen.
Nokre av stillingane er faste, medan andre er årsvikariat. Me har behov for både heile stillingar og deltidsstillingar. Menn vert oppmoda til å søkja.
Fagbehov:
Det vil vera behov for tilsetjingar innafor følgjande fag:Teiknspråk, engelsk, norsk, realfag, spesialpedagogikk og musikk. Det er òg behov for spansk, fransk eller tysk. Også andre fag er aktuelle.
Spesielle behov:
- Teiknspråklærar i 100 % stilling (ynskjer 60stp, for undervisning på ungdomstrinnet).
- Spesialpedagog i 100 % stilling med kompetanse innafor autismespekteret og ASK
Me tilbyr:
Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lover, reglement og tariffavtalar.
Skulane i Fitjar kan tilby interessante og utviklande arbeidsoppgåver i eit støttande, triveleg og profesjonelt arbeidsmiljø. Me har fokus på å vidareutvikla ein inkluderande skule, med universelt tilpassa opplæring, praktisk og variert undervisning og bruk av digitale hjelpemiddel.
Kommunen er aktiv innafor etter- og vidareutdanning.
For nyutdanna lærarar vil me tilby rettleiing og nedsett undervisningstid med 6 % for ein tilsett i 100 % stilling.
Har du spørsmål eller treng du fleire opplysningar, ta kontakt med etatssjef for oppvekst- og kultur, John Karsten Raunholm tlf. 975 01 370.
Nærare informasjon og søknadsskjema finn du på fitjar.kommune.no/stilling
Godkjente kopiar av vitnemål og attestar vert etterspurt i samband med innkalling til intervju.
For stillingane gjeld:
Tilsetjing i Fitjar kommune med tilvist arbeidsstad på aktuelle skular.
Søkjarar må leggja fram politiattest før dei tek til i stillinga, jf. Opplæringslova § 10 - 9.
Søknadsfrist: 15. februar 2023.
Om bedriften
Fitjar kommune er ein vakker kystkommune i Sunnhordland med nærleik til fjord og fjell. Kommunen, med ca. 3200 innbyggjarar, er inne i ei positiv utvikling. Ledige tomtar ligg for sal i attraktive område av kommunen. Fitjar kommune legg vekt på å yta gode tenester til innbyggjarane sine, og me ser det som svært viktig å gi eit godt oppvekst- og skuletilbod til barn og ungdom. Det vil frå hausten vera behov for dyktige lærarar med kompetanse innafor ulike fagfelt.