Vernepleiar
Florø ungdomsskule
Havrenesvegen 4, 6905 Florø, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Vernepleiar
Type ansettelse
Fast, deltid 80%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest i dag
Vi søker etter Vernepleier/ miljøterapeut i 80% stilling ved Florø ungdomsskule. Florø ungdomsskule har ca. 460 elevar i 17 klassar og rundt 80 tilsette. Vi har ei eiga avdeling for særskild norskopplæring og integrering. Det vert lagt vekt på kontinuerleg profesjonsutvikling, m.a. med arbeid etter MAKSIS -modell på fleire av fagseksjonane og andre felles utviklingsprosjekt. Dette inneber at dei tilsette må vere utviklingsorienterte både kollektivt, gjennom samskaping og individuelt, i forhold til eigen praksis. Saman med dei andre skulane i Kinn arbeidar vi systematisk med inkluderande skulemiljø. Skulen satsar på forsterka tilpassa opplæring, og har to lærarar i kvar klasse i faga norsk, engelsk og matematikk. I tillegg er teknologi eit satsingsområde, og alle elevar og tilsette har eigne digitale einingar. Florø ungdomskule har tradisjon for kulturbaserte miljøprosjekt, t.d. konsertar og musikaloppsetjingar som engasjerar og inkluderar. Skulen har eit eige skulemiljøteam.
Vi søker etter engasjerte medarbeidarar med gode evner til å skape gode relasjonar til elevar og kollegaer. Vi forventar at nytilsette vil arbeide etter dei verdiar og i dei organisasjonsstrukturar som er gjeldande ved skulen vår. Aktuelle søkarar må rekne med intervju og kunne oppgje referansar.
Arbeidsoppgåver
Særskild oppfølging av elev ved Florø ungdomsskule.
Kvalifikasjonar
Fortrinnsvis personar som har bachelor i vernepleie, men anna relevant utdanning vil bli vurdert.
Personlege eigenskapar
Viser omsorg og er open og trygg i rolla di, og taklar utfordrande situasjonar
Er positiv og engasjert, nysgjerrig og har pågangsmot
Har evna til både å arbeide sjølvstendig, samt at du er bidragsyter til eit godt arbeidsmiljø
Er lojal, fleksibel og evnar å bidra der det er behov
Skaper tryggleik og tillit og evnar å sjå barna bak åtferda
Har ein eller fleire hobbyar/interesser som kan nyttast i miljøterapi
Personleg kvalifikasjon vil bli vektlagt
Vi tilbyr
Varierte, spanande og utfordrande arbeidsoppgåver der du får brukt kompetansen din
God opplæring og rettleiing
God pensjonsordning
Lønn etter tariff
Kompetanse lønnsstige
Legg til rette for vidareutdanning og personleg utvikling i jobben
Kontaktinformasjon
Jan Solheim, Konstituert rektor ved Florø Ungdomsskule, +47 91586981
Arbeidsstad
Havrenesvegen 4
6905 Florø
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Kinn kommune
Referansenr.: 4886788726
Stillingsprosent: 80%
Fast
Søknadsfrist: 24.11.2024
Kontaktperson for stillingen
Jan Solheim
Konstituert rektor ved Florø Ungdomsskule
+47 91586981
Om bedriften
Vår visjon:
I Kinn har vi gode fungerande lokalsamfunn, der vi realiserer det store potensiale på kysten, flotte bu- og fritidsområde og ei berekraftig utvikling. Vi er ein av dei største kommunane i Vestland fylke med våre 17.386 innbyggarar. Som arbeidsgjevar har vi med oss 1632 tilsette, og vi ønskjer deg velkommen med på laget. I alle stillingar knytta til helse og velferd og alle stillingar i oppvekst - må tilsette pårekne koordinatoransvar.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2794247
- Hentet fra
talentech
- Referanse
5ba73c7afc024573b08265e1b742348c