Trainee miljø
Jobbnorge ID: 171726
Om stillinga:
Har du lyst til å jobbe som sakshandsamar med mange og spennande miljøsaker?
Miljø har ledig ei traineestilling på eit og eit halv år som førstekonsulent/ rådgjevar med kontorstad Bergen, Leikanger eller Førde. Stillinga er ein del av traineeprogrammet som er ei statleg satsing for å inkludere personar med nedsett funksjonsevne i arbeismarkedet, og få nye ressursar og styrke mangfoldet i statlege virksomheiter. Stillinga er forbeholdt personar med nedsett funksjonsevne og høgare utdanning. Les meir om programmet her.
Fylkesmannen har seks avdelingar med ei brei oppgåveportefølje, og du vil få ein variert og spennande jobbkvardag hjå oss. Miljø vert leia frå Bergen og har vel 48 tilsette i to seksjonar, naturmangfald og forureining med kontorstader på Leikanger og Bergen.
Du vil få ein variert og spennande jobbkvardag hjå oss.
Arbeidsoppgåver:
- juridisk saksbehandling i saker etter miljøregelverket og forvaltningslova
- saksbehandling på dei ulike fagområda innan forureining og naturmangfald
Kompetansekrav:
- Bachelor eller master i økonomi
- Cand.- jur eller master i rettsvitskap
Vi ser etter deg som er:
- strukturert og sjølvstendig
- positiv og fleksibel innstilt til å arbeide med ulike rettsområde
- nysgjerrig og kreativ i samhandling med andre
- har gode munnleg og skriftleg framstillingsevne
Vi tilbyr deg:
- interessante arbeidsoppgåver
- ein arbeidsplass i utvikling
- eit kompetent og godt tverrfagleg arbeidsmiljø
- medlemskap i offentleg tenestepensjonsordning
- fleksibel arbeidstid
- gjennom traineeprogrammet blir du automatisk deltakar i eit kompetanseprogram for medarbeiderutvikling
Vilkår:
Stillinga er lønna i stillingskode 1408 førstekonsulent / 1434 rådgjevar frå kr 460 000 - 520 000 brutto per år ut frå kvalifikasjonar og lokal lønnspolitikk. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan vi vurdere høgare lønn eller anna stillingskode.
Embetet er IA-verksemd, og vil leggje til rette for arbeidstakarar med nedsett funksjonsevne.
Dei første seks månadane er prøvetid.
Tenestemålet er nynorsk.
Vitnemål og attestar må leggjast ved søknaden.
Opplysningane kan bli brukt til statistiske foremål i samsvar med krava i personvernforordninga artikkel 13 og 14.
Søkarlista er i utgangspunktet offentleg. Du kan be om unntak dersom vilkåra i lova er til stades.
Nærare opplysningar om stillinga får du av:
- Miljødirektør Kjell Kvingedal på tlf. 55 57 23 12 eller 97 50 40 50, fmhokkv@fylkesmannnen.no..
Se annonsen og søk på stillingen www.jobbnorge.no
Om bedriften
Fylkesmannen er statens representant i fylket, og har ansvar for å følgje opp vedtak, mål og retningslinjer frå Stortinget og Regjeringa. Fylkesmannen skal dessutan fremje fylket sine interesser, og kan ta initiativ både lokalt og overfor sentrale styresmakter.
Fylkesmannen i Vestland har delt lokalisering mellom Leikanger, Bergen og Førde - med hovudsete i Leikanger.