Overlege i kardiologi
Org. nr: 983974724 Stillingsident: 4191019552 Presentasjon av stillingen:
Er du spesialist i kardiologi har vi ledig overlegestilling til deg på Voss sjukehus Voss sjukehus satsar på kardiologien og har ledig ei fast stilling frå 1. juni 2020 eller etter avtale. Kanskje du har lyst på eit eventyr i Vestlandet si vakraste bygd på eit av dei beste lokalsjukehusa i landet?
Stillinga er knytt til Medisinsk avdeling med for tida 7-delt vaktordning for overlege som tertiærvakt bak LIS 1 og LIS 2/3. Vaktordninga er basert på generell indremedisinsk heimevakt.
Medisinsk avdeling har sju overlegestillingar og dekkjer spesialitetane lungemedisin, nefrologi, fordøyelsessjukdomar, hematologi og kardiologi. Avdelinga har ein sengepost med 26 senger, 1 dagpost for medisinske kurar, dialyseavdeling, intensiv/overvakingsavdeling med seks sengeplassar. Det arbeider 20 legar ved avdelinga per i dag -- 7 overlegar, 8 LIS-2/3 og 5 LIS-1.
I 2019 hadde medisinsk avdeling 2417 avdelingsopphald, 8442 polikliniske konsultasjonar og ein aktvitet som var tilsvarande 2763 DRG.
Kardiologien ved sjukehuset har vore i vekst. Det er topp moderne ustyr tilgjengeleg i poliklinikken med god bemanning og godt arbeidsmiljø. Me nyttar GE Vivid 95 på poliklinikken og GE Vivid 70 på avdelingane. Vår kardiolog arbeider mest med kardiologiske konsultasjonar av både polikliniske og inneliggjande pasientar. Din faglege profil kan du sjølv vere med på å utvikle. Voss sjukehus har som mål å stimulere til større forskingsaktivtet.
Vi kan tilby eit triveleg arbeidsmiljø og eit stabilt og dyktig personale. Det er særs gode mogelegheiter for fagleg utvikling gjennom det nære samarbeidet med Haukeland universitetssjukehus. Stillinga inngår i vaktordning og er ledig frå 01.06.2020, eller etter avtale med avdelingsoverlege. Søknadsfrist 01.03.20.
Sjukehuset har gode støttetenester innanfor anestesi, intensiv/rec., radiologi med CT -og
MR lab., fysioterapi avdeling og laboratorium med blodbank.
Voss sjukehus har full akuttberedskap innan medisin, kirurgi, føde, gynekologi og
anestesi. Sjukehuset har hatt aktivitetsvekst og ynskjer å fortsette den
positive utviklinga. Opptaksområdet er på om lag 30.000 innbyggjarar, fordelt
på seks kommunar. I tillegg kjem det pasientar frå Bergen og kommunar frå Sogn
og frå Hardanger.
Voss har flott natur som gjev særs gode høve til naturopplevingar og - aktivitetar for born og vaksne innan ei heil mengd ulike idrettar. Ekstremsportsmiljøet er viden kjent gjennom til dømes Ekstremsportsveko. Nord-Europas mest moderne gondolbane ligg nokre steinkast frå sjukehuset. Kulturlivet er rikt og variert, og det er eit godt utbygd skuletilbod med to nye vidaregåande skular. Det er god kommunikasjon vestover til Bergen/ Flesland og austover til Oslo.
Synest du dette er freistande? Nøl ikkje -- ta kontakt via epost eller telefon med kardiolog Frode Bergo eller avdelingsoverlege Turid Fjose. Vi kan tilby deg reise og opphald om du ynskjer å kome på synfaring på sjukehuset vårt.
Kvalifikasjonar
- Du har norsk autorisasjon og spesialistgodkjenning i kardiologi
- Du må meistre norsk språk både skriftleg og munnleg
- Du behandlar pasientar profesjonelt og empatisk, er imøtekomande og viser respekt
- Du bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
- Du er bevisst eigne avgrensingar, ber om hjelp samt melder avvik om det oppstår
- Du har engasjement for fagfeltet og ønskjer å vidareutvikle kompetansen din
- Det blir lagt vekt på relevant yrkeserfaring og klinisk erfaring
Personlege eigenskapar
- Du kommuniserer tydeleg og forståeleg overfor pasientar og andre samarbeidspartnarar
- Du har god fagleg vurderingsevne, og arbeidar strukturert og målretta på jobb
- Du etablerer gode samarbeidsrelasjonar til alle nødvendige yrkesgrupper
- Du har oversikt over eigne oppgåver, også under skiftande omstende. Kan delegere og følgje opp delegerte oppgåver
Vi tilbyr
- Vi har eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø. Hjå oss helser vi på kvarandre i gangane og har ein kantinekultur vi er stolte av
- Vi har ei sterk identitet som ei av Noregs mest kjende kulturbygder, og tek vèl i mot nye innbyggjarar
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst mellom Helse Bergen og Dnlf
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Triveleg arbeidsmiljø
- Voss sjukehus vil kunne hjelpe med passande bustad
Kontaktinformasjon
Turid Fjose, Avdelingsoverlege, 56 53 35 00, turid.fjose@helse-bergen.no
Olav Terje Lødemel, Direktør, 920 90 310 / 56 53 35 00, olav.terje.lodemel@helse-bergen.no
Arbeidsstad
Sjukehusvegen 16
5704 Voss
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Bergen
Referansenr.:4191019552
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 01.03.2020
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.