Operasjonssjukepleiar ved hovud/hals-seksjonen
Org. nr: - Stillingsident: 4413068781 Presentasjon av stillingen:
Hovud/hals-seksjonen er ein av fire seksjonar i sentraloperasjonseininga ved Haukeland universitetssjukehus. Seksjonen er ein aktiv og fagleg utfordrande arbeidsplass, med fagfelta Nevrokirurgi og ØNH/kjeve kirurgi. Det er knytt 42 årsverk for spesialsjukepleiarar til seksjonen, herunder 24 operasjonssjukepleiarårsverk. Desse bemannar saman med anestesisjukepleiarar og anestesilegar, 5-6 operasjonsstover på dagtid, og har ØH-stove på kveld, natt og helg.
Det er ledig fast 100% stilling som operasjonssjukepleiar.
Arbeidsoppgåver
- Omsorg til operasjonspasientar
- Steril- og assisterande assistanse, instrumentbehandling
- Samhandling med andre yrkesgrupper både i eigen avdeling/klinikk og med våre samarbeidspartnarar
- Medverke til endring og vidareutvikling av prosedyrar
- Rettleing av studentar
Kvalifikasjonar
- Du må ha norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Du må ha godkjend vidareutdanning i operasjonssjukepleie
- Du må meistre godt norsk, både munnleg og skriftleg
- Dersom du har erfaring med nevrokirurgi eller ØNH-kirurgi frå før er det ein fordel, men inga føresetnad
- Du må ha grunnleggjande IKT kompetanse
Utdanningsretning
- Sjukepleie videreutdanning
Utdanningsnivå
- Vidareutdanning / Tilleggsutdanning utover oppnådd grad
Personlege eigenskapar
- Vi ønskjer at du skal gi ditt bidrag til vårt gode arbeidsmiljø
- Du kommuniserer og samarbeidar godt med andre
- Du må kunne arbeide strukturert og ta ansvar for eigen utvikling og kompetanse
- Du bør vere sjølvstendig og samarbeidsvillig
- Du har pasienten i fokus i arbeidet ditt
Vi tilbyr
- Gode pensjons- og forsikringsvilkår
- Eige program for nytilsette
- Store faglege utfordringar med dyktige medarbeidarar
- Akutt-team 24/7
- Aktivt fagmiljø
- Lønn etter tariff
Mangfoldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangoldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulurell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Lisbeth Viken Aasarmoen, Seksjonsleiar, 55 97 06 51
Siri Johansen, Ass, seksjonsleiar, 55970650
Arbeidsstad
Haukelandsveien 22
5021 Bergen
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Bergen
Referansenr.:4413068781
Stillingsprosent: 100%
Fast
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 13.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.