Seniorrådgivar/rådgivar i Studieadministrasjonen
Høgskulen i Volda
Joplassvegen 11, 6103 Volda
Om jobben
Stillingstittel
Seniorrådgivar/rådgivar i Studieadministrasjonen - st. nr. 17/2024
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Om stillinga
Høgskulen i Volda har ledig ei 100 % fast stilling som seniorrådgivar/rådgivar og eitt vikariat som seniorrådgjevar / rådgjevar i 100% stilling i perioden 01.08.2024 – 31.07.2025.
Innhaldet i stillingane er i endring og den som blir tilsett vil få høve til å utforme stillinga i lag med studiedirektør og kollegaer i Studieadministrasjonen. Stillinga rapporterer til studiedirektøren.
For den rette kandidaten kan det vere aktuelt å legge til rolla som stadfortreder for studiedirektør
Kvalifikasjonar
Du må ha master innan juridisk eller anna relevant fagområde, og ha relevant erfaring frå sakshandsaming og rådgjeving.
Vi vil i tillegg legge vekt på at du har/er;
- gode analytiske eigenskapar og evne til å tenke strategisk og framtidsretta
- gode kommunikasjonsevner både skriftleg og munnleg, og kunne formidle kompliserte saker på ein strukturert og oversiktleg måte
- ein pådrivar med gode samarbeidsevner
- løysingsorientert og serviceinnstilt
For kandidatar med leiarerfaring kan det vere aktuelt å legge til funksjonen som stadfortræder for studiedirektør. Dersom dette er aktuelt for deg, er det viktig at du dokumenterer leiarerfaring innan relevante fagfelt. Ein vil elles legge vekt på at du har gode leiareigenskapar som evne til å involvere, motivere og skapa eit godt miljø.
Du bør kunne skrive godt på begge målformer og ha gode engelskkunnskapar, både skriftleg og munnleg. Administrasjonsspråket ved høgskulen er norsk.
Arbeidsoppgåver
Vi søkjer deg som kan handsame komplekse saker, rådgje og støtte alle fagområde i Studieadministrasjonen i relevante faglege spørsmål. Det kan vere arbeid i samband med ulike nemnder og utval, studentklagesaker, samt ha ansvar for utvikling og styrking av kunnskap og arbeidsprosessar for Studieadministrasjonen si saksbehandling knytt til relevant lov- og regelverk.
Du vil jobbe tett med studiedirektør og andre medarbeidarar i Studieadministrasjonen, i tillegg til god dialog med dei ulike fagavdelingane ved høgskulen. Arbeidsoppgåvene i stillinga kan verte endra.
For den rette kandidaten kan det vere aktuelt å legge til stillinga funksjonen som stadfortræder. Dette kan vere ved studiedirektør sitt fråvær, men og knytt til enkelte arbeidsoppgåver.
Vi tilbyr
Som vår nye kollega vil du få varierte oppgåver i eit spanande og sterkt fagmiljø der det vert lagt til rette for fagleg og personleg utvikling. Inkluderande miljø med engasjerte kollegaer.
God pensjonsordning i Statens pensjonskasse.
Tilsettegoder og fordelar, mellom anna moglegheit for trening i arbeidstida
Lønn og vilkårStillinga som seniorrådgivar, stillingskode 1364 er normalt plassert i lønnstrinn 66-69 (640 400 – 745 400) og rådgivar, stillingskode 1434 i lønnstrinn 58-68 (589 500-682 000). Tilsetting som seniorrådgivar krev lang og relevant praksis.
Generell informasjon
Ved HVO er vi opptatt av mangfald. Medarbeidarar med ulik livserfaring vil gjere oss i stand til å finne gode løysingar på arbeidet vårt. Vi oppmodar difor alle til å søke stillinga utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkommen til å søke sjølv om du ikkje kan vise til ei samanhengande yrkeskarriere. Lokala er universelt utforma, og vi legg tilhøva til rette for personar med nedsett funksjonsevne.
Dersom du har nedsett funksjonsevne, innvandrarbakgrunn eller hol i CV kan du bli positivt særbehandla om du kryssar av for dette når du søker stillinga. Vi vil invitere minst éin kvalifisert søkar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli positivt særbehandla på denne måten, må du oppfylle visse krav. Les meir om dette på arbeidsgiverportalen.
Tilsetjing skjer på dei vilkåra som følgjer av lov om offentlege tenestemenn, regulativ, reglement og instruksar som til ei kvar tid gjeld for stillinga, mellom anna lovfesta innskot i Statens pensjonskasse.
Aktuelle kandidatar vert innkalla til intervju. Søkjarar som vert kalla inn til intervju, må ta med originalar av vitnemål og attestar for å dokumentere dei elektronisk innsende vedlegga.
Om søknaden
Alle som søker stillinga må søke digitalt gjennom rekrutteringsportalen Jobbnorge. Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå informasjon som ligg føre ved utløp av søknadsfristen. Det er viktig at du viser korleis din kompetanse fyller kriteria for stillinga
Offentleg søkarliste blir utarbeidd etter at søknadsfristen er ute. Dersom du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må dette grunngjevast i Jobbnorge. Du vil bli varsla om reservasjon ikkje blir tatt til følge.
Kontakt
Har du spørsmål til stillinga kan du kontakte høgskuledirektør Ann Kristin Emblem på telefon 99 49 36 63.
Studiebygda Volda
Midt mellom fjord og fjell på spektakulære Sunnmøre finn du Høgskulen i Volda, med sine lange tradisjonar.
Les meir på www.hivolda.no
Om bedriften
Høgskulen i Volda er høgskulen for humaniora og samfunnsvitskap i Møre og Romsdal. Vi er ein spennande kompetanseorganisasjon i vekst med om lag 4500 studentar og 380 tilsette. Vi gjev undervisning i ei rekkje fagområde, yrkesretta utdanningar og etter- og vidareutdanningar i nært samarbeid med samfunns- og næringsliv. Høgskulen i Volda driv mykje forsking og utviklingsarbeid og satsar på forskaropplæring og kompetanseoppbygging for dei tilsette i samarbeid med universitet i inn- og utland.
Sektor
Offentlig
Nettsted