Spanande stilling som jobbspesialist ved NAV Fana - NAV
NAV
5221 Nesttun
Om jobben
Type ansettelse
Annet, heltid
Antall stillinger
1
Org. nr: - Stillingsident: 4066268939 Presentasjon av stillinga:
Fana er ein bydel i Bergen med vel 40 000 innbyggjarar. Kontoret vårt ligg sentralt på Nesttun, og har 80 tilsette i stat og kommune.
Vi har ledig ei fast stilling som Jobbspesialist.
NAV Fana starta opp med Utvida Oppfølging våren 2017 og har eit godt etablert Jobbspesialistteam beståande av personar med variert yrkesbakgrunn. Jobbspesialistane arbeider for å nå målsettinga om auka inkludering i arbeidslivet, og arbeider etter Supported Employment-metodikk. Teamet har bygd opp god kompetanse på Supported Employment og kan vise til gode resultat.
Er du energisk og uredd? Har du gode kommunikasjonsevner og er ein nettverksbyggar som vil jobbe med rekruttering? Er du ein menneskekjennar? Har du lyst til å bli ein av oss og har eit genuint ønske om å utgjera ein skilnad for enkeltpersonar?
Da kan du vere akkurat den personen vi leitar etter. Vi gleder oss til å høyre frå deg.
Arbeidsoppgåver
- Du skal oppsøke bedrifter, skape dialog med arbeidsgjevarar og bygge nettverk
- Du skal identifisere interessene til jobbsøkjarane, sterke sider, ferdigheiter og evner samt matcha dei med riktige jobbar
- Du skal rettleie jobbsøkjaren i søkeprosessen
- Du skal engasjere og motivere både jobbsøkjarar, arbeidsgjevarar og kollegaer
- Du skal følgje opp 15-20 jobbsøkjarar, med krav om 65% overgang til arbeid
- Du skal bidra med din kompetanse og entusiasme i Jobbspesialistteamet
Kvalifikasjonar
- Minimum 3-årig utdanning frå universitet/høgskule. Særleg relevant erfaring kan kompensere noko for utdanningskravet.
- Evne til å bygge relasjonar og skape motivasjon
- Gode kommunikasjons- og forhandlingsferdigheiter
- Vilje til oppsøkjande verksemd og nettverksbygging
- Erfaring frå sal eller rekruttering
- Erfaring frå privat næringsliv er ein fordel
- Erfaring med Supported Employment er ein fordel
Personlege Eigenskapar
- Har trua på at alle menneske til trass for helseutfordringar kan få og behalde ein vanleg jobb
- Har gode sosiale ferdigheiter og evne til å skape tillit hos eit mangfald av menneske
- Er ein lagspelar og ynskjer å gjere andre god
- Er fleksibel, uredd og løysingsorientert
- Er lærevillig og audmjuk
- Kan arbeida målretta, nøyaktig og effektivt
- Har stor arbeidskapasitet
- Toler å følgjast opp på resultat
- Kan handtera uforutsigbarheit i eit dynamisk miljø
- Personlege eigenskapar for stillinga vil vektleggjast.
Vi tilbyr
- Moglegheit til å utgjera ein skilnad i ein organisasjon med eit svært viktig samfunnsoppdrag
- Spanande jobb i eit innovativt arbeidsmiljø prega av kompetanse og marknadsorientert innstilling
- Eit fagmiljø som er oppteke av tenesteutvikling og ambisiøse mål
- Aktive og engasjerte kollegaer
- Opplæring, kurs og kompetanseheving
- Løn i stillingskode 1434 Rådgjevar i lønsspenn kr 456.900 til kr 488.500. For spesielt kvalifiserte søkjarar kan vi vurdere høgare løn
- God pensjonsordning gjennom Statens pensjonskasse (frå løna vert det trekt 2 %)
Andre opplysningar
- Noe reisevirksomhet må påregnes
Kontaktinformasjon
Aida Cisic-Dizdar, Avdelingsleiar, 984 51 566, Aida.Cisic-Dizdar@nav.no
Lena Skeie, Fungerande avdelingsdirektør, 908 41 734, Lena.Skeie@nav.no
Arbeidsstad
Nesttun
Nøkkelinformasjon:
Annonsør:NAV
Ref. nr.:4066268939
Stillingsbrøk: 100%
Fast
Tal på stillingar: 1
Søknadsfrist: 08.05.2019
https://www.webcruiter.no/wcmain/advertviewpublic.aspx?oppdragsnr=4066268939&company_id=2806505068&culture_id=NN-NO
For elektronisk søknadsskjema:[Klikk her]
Om bedriften
NAV leverer arbeids- og velferdstenester til Norges befolkning og har 19 000 medarbeidarar fordelt over heile landet. NAV skal gje menneske moglegheiter, og vårt hovudmål er å få fleire i arbeid. Vi ser etter deg med pågangsmot og engasjement som ynskjer meiningsfulle og varierte arbeidsoppgåver
Vi ynskjer ein arbeidsplass prega av mangfald, og oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søke jobb hjå oss. NAV er IA-verksemd og vi tilrettelegg arbeidsforholda om du har behov for dette.
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
330412
- Sist endret
25. mai 2019
- Hentet fra
webcruiter
- Referanse
4066268939_NAV_webcruiter