Sjukepleiarstilling ved Sogn lokalmedisinske senter
Lærdal kommune
Helse
Om jobben
Type ansettelse
Annet, heltid
Antall stillinger
1
Omtale
Sogn lokalmedisinske senter (Sogn LMS) driftar legevakt og kommunale akutte døgnplassar (KAD) for tre kommunar,
og legevaktsentral for seks kommunar i Indre Sogn.
Sogn LMS er lokalisert på Lærdal sjukehus og samarbeider tett
med spesialisthelsetenesta. Eininga er organisert med omlag 11,75 årsverk fordelt på dei ulike funksjonsområda.
Kommuneoverlege og psykolog er tilsett ved eininga og er delt mellom tre kommunar.
Lærdal kommune er vertskommune og har arbeidsgjevaransvar for dei tilsette.
Me har ledig
80% fast stilling som sjukepleiar frå 1. august 2021. Anna relevant helsefagleg utdanning på
bachelornivå kan og søkje stillinga.
Stillinga er i tredelt turnus med langvakter kvar 4. helg. Stillinga kan gjerast om til 100% stilling og/eller nattevaktstilling om ønskjeleg, men søkjar må då spesifisere dette i søknadsteksten.
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som sjukepleiar, eller anna relevant helsefagleg utdanning på bachelornivå
- Erfaring frå legevakt eller anna relevant arbeid er ein fordel
- Gode skriftlege og munnlege kommunikasjonsevner i norsk og engelsk
- Kan arbeide sjølvstendig og effektivt i eit hektisk arbeidsmiljø
- Løysingsorientert
- Fleksibel og god arbeidsmoral
- Erfaring med bruk av digitale verktøy
- Personlege eigenskapar vert vektlagde
Arbeidsoppgåver
- Mottak og hastegradsvurdering av pasientar på legevakt
- Rådgjeving og rettleiing på legevaktstelefon
- Bistå legevaktslege i undersøkingar og behandling
- Observasjon, behandling og oppfølging av inneliggande pasientar
- Laboratoriearbeid
- Tverrfagleg samarbeid
Me kan tilby
- God opplæring
- Varierte arbeidsoppgåver
- Eit triveleg arbeidsmiljø
- Relevante kurs dekka av arbeidsgjevar
Lønnsvilkår
- Løn etter tariff
- Pensjonsordning med 2% innbetaling til KLP
Til faste helsefaglege stillingar på bachelornivå tilbyr kommunen eit rekrutteringstilskot på kr 30.000 som
eingongsutbetaling, gitt under føresetnad om to års bindingstid.
Send søknaden til
Lærdal kommune si heimeside: www.laerdal.kommune.no under fana "ledige stillingar"
Om bedriften
Lærdal er ein spennande kommune i Indre Sogn med trøkk, tru og fokus på vekst og utvikling. Vi er eit aktivt og framtidsretta samfunn som for tida arbeider med heile 30 ulike omstillingsprosjekt.I Lærdal kan du leva det gode liv saman med 2 200 andre lærdøler. Vår vakre bygd inst i Sognefjorden ligg midt mellom Oslo og Bergen . Store fjell- og utmarksområde byr på eit aktivt friluftsliv. Lærdal er ei kulturbygd med ein rik kulturarv. Vi kan nemne Borgund stavkyrkje, dei historiske vegane og gamle Lærdalsøyri.
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
1574895
- Sist endret
6. juli 2021
- Hentet fra
Lærdal kommune
- Referanse
laerdal-visma.alav.no/recruitment/opening?0?762