Prosjektleiar for implementering av " Betre tverrfagleg innsats (BTI)"
Osterøy kommune
Geitaryggen 8, 5282 Lonevåg
Om jobben
Stillingstittel
Prosjektleiar
Type ansettelse
Fast, heltid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Om stillinga
Osterøy kommune har fått tilskot frå Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet til å utvikle og implementere kommunale modellar for systematisk og kunnskapsbasert identifikasjon og oppfølging av utsette barn.
Osterøy kommune har prosjektorganisert dette arbeidet, og me søkjer deg som vil bidra som prosjektleiar.
Prosjektansvaret er lagt til eininga familiens hus i Osterøy kommune. I familiens hus finn du tenestene: Barn- og familieteamet, Helsestasjon Barnevern og PPT.
Stillingen er eit engasjement i 100 % frå 01.08.2024 fram til 31.12.2025 med moglegheit for vidareføring forutsett nye tilskotsmidlar.
Arbeidsoppgåver
- Gjennomføre prosjektplan for implementering av samhandlingsmodell for “Betre tverrfagleg innsats (BTI)”
- Leie ein prosjektgruppe og rapportering til styringsgruppe
- Sørgje for medverking gjennom involvering av innbyggar og tenestemottakarar, medarbeidarar og leiarar , tillitsvalte og verneombod
Kvalifikasjonskrav
- Relevant bachelorgrad innan helse, sosial eller pedagogisk utdanning eller annan relevant høgskuleutdanning
- Kompetanse i systematisk og målretta prosjektarbeid
- Dokumentert erfaring frå å leie utviklings- og endringsprosessar og/eller prosjekter
- Det er eit krav om du har kunnskap om korleis kommunale tenester er organisert og fungerer
- Personlege eigenskapar vert vektlagt
Vi tilbyr
- Moglegheit for å være med å utvikle framtidas velferdstenester
- Jobbe i eit bredt samhandlingsfelt med stort ansvarsområde
- Varierte oppgåver og spanande utviklingsprosjekt
- Offentleg tenestepensjonsordning
Løn etter gjeldande avtaleverk
Kven søkjer me?
- Har leiareigenskapar og er vant til å jobbe prosjektrelatert
- Er strukturert og målretta
- Er samarbeidsorientert og en god relasjonsbygger
- Har gode kommunikasjons- og formidlingsevner, og må evne å tilpasse kommunikasjonen til ulike målgrupper, både internt i organisasjonen og til andre relevante aktørar
Om bedriften
Osterøy kommune – Nær byen, nær naturen. Osterøy, ei av Nord-Europas største innlandsøyer, eit levande lokalsamfunn med allsidig næringsliv, godt utbygd servicetilbod og vakkert landskap. Folketalet er på om lag 8 000 innbyggjarar og det er både bru- og ferjesamband til nabokommunen Bergen. Frå Lonevåg sentrum, kommunesenteret vårt, tar køyreturen til Bergen om lag 45 minutt, til Åsane tar det om lag 30 minutt og til Arna kjem du på om lag 20 minutt. I tillegg til Lonevåg har ein og Valestrand, Haus, Fotlandsvåg og Bruvik som større bygder/tettstadar.
Osterøy har ein allsidig og livskraftig småindustri innan mekanisk, møbel, tekstil og næringsmiddelindustri. Fiskeoppdrett/-foredling er og ei viktig næring. Landbruk sysselset om lag 300 personar og tømraryrket står framleis høgt i kurs her på Osterøy.
I Osterøy skal det vere godt å bu både for unge og eldre. Kommunen har eit rikt kulturliv, ulike idrettsaktivitetar, godt utbygd skule- og barnehagetilbod og gode helse- og sosiale tenester.
Bli med på laget i Osterøy kommune! Me ønskjer oss stadig fleire kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi ser fram til å ta godt i mot deg og gje deg ei meiningsfull arbeidskvardag.
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2621853
- Sist endret
29. april 2024
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10206210