Assisterande rektor ved Sunnhordland folkehøgskule
Sunnhordland Folkehøgskule
Naustvikvegen 26, 5455 Halsnøy Kloster, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Me søker no etter ein engasjert, inkluderande, løysingsorientert og tydeleg person som vil vera med å utvikle skulen vidare. Dette er ein unik moglegheit for ein erfaren leiar som ivrar både for undervisning, for dagens ungdomar og for korleis deira skulekvardag kan påverke framtidsvala dei skal ta.
Stillingstittel
Assisterende rektor
Oppstart
1. august 2025
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, kveld og natt, ukedager
Arbeidsspråk
Skandinavisk, engelsk eller norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest torsdag 27. februar
Send søknad til
Hva vi ser etter
Ønskelege kvalifikasjonar;
-
Relevant høgare utdanning innan pedagogikk, leiing eller andre relevante felt.
-
Leiarerfaring, gjerne innan utdanningssektoren.
Arbeidsoppgaver
-
Delta i den overordna leiinga og administrasjonen av skulen.
-
Samarbeide om utvikling av skulen sine mål, skulen sitt fagtilbod, og det pedagogiske utviklingsarbeidet.
-
Ha tett kontakt med dei ulike avdelingane, samt vere eit bindeledd mellom elevane og dei tilsette. Det sosialpedagogiske arbeidet er viktig her.
-
Undervisning i estetiske fag.
-
Arbeide for eit godt læringsmiljø for elevane og eit godt arbeidsmiljø for dei tilsette.
-
Administrative oppgåver og informasjonsflyt.
-
Ansvar knytt opp til elevane, eksempelvis fråvær, elevråd, reiser, vitnemål med meir.
-
Vikarinnkalling
-
Marknadsføring og informasjonsarbeid, samt representasjon av skulen.
-
Arbeide for høg kvalitet på undervisninga og eit trygt læringsmiljø.
-
Samarbeide med leiarteamet om god økonomisk drift heile året
-
Byggje og vedlikehalde relasjonar med elevar, foreldre, lokalsamfunnet og samarbeidspartnarar
Vi tilbyr
-
Ei utfordrande og meiningsfull stilling i eit spennande læringsmiljø
-
Eit inkluderande arbeidsmiljø
-
Gode lønns- og arbeidsvilkår
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sunnhordland folkehøgskule er ein frilynt skule som er eigd av Foreininga Sunnhordland folkehøgskule. Skulen har ein over 100 år gammal skuletradisjon og mange tusen elevar har gått hovudkurset hjå oss.
Det kreative står i sentrum hos oss og me ynskjer for elevane våre at dei skal utvikle både kompetanse og kreative evner i samarbeid med lærarane. Alt i eit skapande miljø der estetiske fag står i fokus. Me freistar å gje elevane kunnskap og erfaring som er verdifull både i høve vidareutdanning og yrkesval og har difor valt mottoet; Gjer draumane dine til noko å leve av.
Skulen har neste år linjefaga Kunst+, Skuespiller, Smykkedesign, Musikk, Game Music, Game Art, Game design.
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2846047
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
4cd12906-7cbc-4993-996f-a67280d9b78a