Psykologspesialistar og psykologar
Org. nr: Helse Bergen Stillingsident: 4303016177 Presentasjon av stillingen:
Kronstad Distriktpsykiatrisk Senter (DPS) held til i nye moderne lokale sentralt på Danmarksplass. Kronstad DPS er delt inn i fleire seksjonar, deriblant to store allmennpoliklinikkar som har ansvar for bydelane Bergenhus, Årstad og Ytrebygda.
Vi har ledig følgjande stillingar ved Kronstad DPS:
- 2 faste 100% stillingar som psykologspesialist ved allmennteam i Poliklinikk 1
- 2 faste 100% stillingar som psykolog ved allmennteam i Poliklinikk 1
- 2 faste 100% stillingar som psykolog ved allmennteam i Poliklinikk 2
- 1 vikariat i 100% stilling i 1 år som psykolog ved allmennteam i Poliklinikk 2
Vi søkjer fagleg engasjerte medarbeidarar som ønskjer å vere med og vidareutvikle dei aktuelle tenestene i Kronstad DPS. Stillingane er ledige etter nærare avtale.
DPSane i psykisk helsevern er i utvikling, og den som vert tilsett må rekne med å vere delaktig i denne utviklinga. Vi er opptatt av å gje pasientar rett hjelp til rett tid, å differensiere mellom ulike typar av behandling, og å gje rett omfang av hjelp til den enkelte pasient, samstundes som ein syter for at alle som treng hjelp, får hjelp. Dette krev prioritering av ressursane klinikken styrer over. Spesialistar som er tilsett vil òg måtte ta i vare spesialistansvaret for pasientar der hovudbehandlar ikkje er spesialist. Som universitetsklinikk har vi jamleg studentar i praksis, og bidrar til å spesialisere psykologar og legar. Rettleiing av desse, er ein del av dei arbeidsoppgåvene spesialistane i seksjonen må pårekna.
Arbeidsoppgåver
- Hovudoppgåver vil i poliklinikkane vere vurdering, utgreiing, diagnostisering og behandling av tilviste pasientar med eit breitt spekter av ulike psykiske lidingar
- Samarbeid med andre delar av behandlingsapparatet både internt og eksternt vil vere viktige arbeidsoppgåver. Det same gjeld samarbeid med pårørande i enkelte tilfelle, og med instansar som NAV, skule og/eller arbeidsgjevar i nokre tilfelle
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon
- Psykologspesialist/ psykolog
- Klinisk erfaring innanfor ei respektivt allmennpsykiatrisk og/eller akuttpsykiatrisk teneste er eit føremon
- Må meistre godt norsk, både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Motivasjon og interesse for arbeidsform og fagområde
- Godt fagleg skjønn, og evne til å arbeide målretta og strukturert
- Sjølvstendig i arbeidet, og fungere godt i team når det trengs. Dette vert vurdert som særs viktig
- Vi jobbar tverrfagleg og den som vert tilsett må trivast med ein slik jobbkvardag
- Vi ønskjer oss kollegaer som er engasjerte og fleksible, og som og kan vera tydeleg om det trengst
- Evne til fleksibilitet og sjølvstende
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevne
- Dei som vert tilsett må vere skikka ut frå ei samla vurdering
Vi tilbyr
- Lønn etter avtale
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Utfordrande og spennande arbeidsoppgåver
- Eit godt arbeidsmiljø
- Moglegheit for forsking og fagutvikling
Kontaktinformasjon
Helene Charlotte Sande Trønnes, Seksjonsleiar, 45615915
Sonja Mellingen, Seksjonsleiar psykolog, 55956000
Arbeidsstad
Fjøsangerveien 36
5054 Bergen
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Bergen
Referansenr.:4303016177
Stillingsprosent: 100%
Anna
Søknadsfrist: 08.11.2020
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 13.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.