Er du vår nye Distriktssjef på Storhushaldning?
DISTRIKTSSJEF
Vi søker ein dyktig, initiativrik og sjølvstendig, men lagspelande, distriktssjef.
Oppgaver i rolla:
Vår nye distriktssjef vil ha totalansvaret for definerte storkjøkkenkundar i fylka Telemark, Aust- og Vest Agder og Rogaland.
- Etablere og vidareutvikle gode kundeforhold i distriktet
- Sikre vår posisjon som ein preferert leverandør
- Presentere, implementere og vedlikehalde sentralt inngåtte kjedeavtalar
- Vere tett på lagerbeholdning og innkjøpsavdeling på definerte grossister
- Jobbe tett på kjedenes og grossistenes lokale representantar
- Delta aktivt på fagmesser og kjedeinitierte kundetreff
Kven er du:
- Du har solid og dokumenterbar erfaring frå sal og er lidenskapleg oppteken av dette
- Du er resultatorientert, strukturert og målbevisst
- Du har bransjekjennskap og gode relasjonar/nettverk, gjerne til Horeca-marknaden, men dette er ikkje eit krav
- Du må ha evne til å jobbe sjølvstendig, ha høg arbeidskapasitet og vere ein relasjonsbyggar med glimt i auga
- Det er ønskjeleg at du har matfagleg bakgrunn, til dømes frå kjøken/restaurant, men det er ikkje eit krav
- Du har god datakunnskap
- Vi ser for oss at du er busett i Buskerud, Vestfold, Telemark, Agderfylka eller Rogaland
Vi kan tilby:
- Ein svært spennande og variert jobb i ei tradisjonsrik og innovativ verksemd med dei beste merkevarer
- Eit godt og energifylt arbeidsmiljø der du får utvikle deg i takt med marknaden
- Ein del reising må påreknast i stillinga
- Løn etter avtale, pensjonsordning og andre personalforsikringar
Lerum sine verdiar er ekte, stolt, ærleg og engasjert, dette er verdiar vi også ser etter når vi rekrutterar. Det er korte beslutningsvegar på tvers i organisasjonen, og som tilsett hjå oss får du ta del i utviklinga av saft- og syltetøyeventyret.
For meir informasjon om stillinga, ta gjerne kontakt med:
Rådgiver/Partner i Nor Selection Rekruttering AS; Rein Denstad på telefon 907 38 397 eller rd@norselection.no
Om bedriften
Lerum er ein landsdekkande leverandør av saft, syltetøy og jus. Den tradisjonsrike verksemda har produsert varer til norske hushaldningar sidan 1907. Lerum er familieeigd, der fjerde generasjon Lerum no er eigarar.
I 2018 hadde Lerumkonsernet ein brutto omsetnad på 528 mill. kroner og 125 tilsette. Lerum ligg i saftbygda Sogndal i Sogn og Fjordane, i eit av dei beste frukt- og bærdistrikta i landet, og har også eit avdelingskontor i Asker.
Lerum er ein av Noregs største leverandørar av saft, syltetøy og jus. Lerum er sertifisert etter matvarestandarden BRC, med moderne produksjonsanlegg, høg kompetanse og høg produktkvalitet