Heimehjelp - Reinhaldar
Org. nr: 864 967 272 Stillingsident: 4287877415 Presentasjon av stillingen:
Heimetenesta har heimesjukepleie, praktisk bistand og dagtilbod under sitt ansvarsområde. Heimetenesta har base på sjukeheimen og server innbyggarane frå Tittelsnes i nord til Vikse i sør. Basen ligg om lag 17 minutt frå Haugesund og 25 minutt frå Stord. Avdelinga har eit godt miljø, godt samarbeid, fagleg fokus og mykje godt humør. Me er ei samla arbeidsgruppe som brenn for å yte fagleg gode tenester til våre brukarar. Me tar godt mot nytilsette, og du skal få ei god opplæring. Me er opptatt av at du trivs og føler deg trygg i avdelinga. Vi har ledig 68 % fast stilling som heimehjelp/reinhaldar, arbeidstid er dagtid.
Arbeidsoppgåver
- Aktivt jobbe for at brukarane skal meistre å bu heime så lenge som mogleg
- Aktiv bruk av kvardagsrehabilitering og velferdsteknologi som verktøy for at brukarane skal få ei trygg og god teneste
- Heimetenesta arbeider tverrfagleg med andre tenester/einingar i kommunen som tenestekontoret, psykisk helse, hjelpemiddel lager, fysio/ergo og sjukeheimen
- Oppgåver i stillinga er å utføre praktisk bistand i heimen hos brukarane, etter vedtak frå tenestekontor
Kvalifikasjonar
- Fagbrev som reinhaldar
- Anna relevant erfaring innan reinhald kan vurderast
- Personlege eigenskapar
- Sertifikat kl. B
- Må ha godkjent politiattest
Personlege eigenskapar
- Er fleksibel og løysingsorientert
- Har gode samarbeidsevner og kan arbeide sjølvstendig
- Har evne til å sette fag, kvalitet og service i fokus
- Ønskjer å bidra til eit godt arbeidsmiljø, og ein god læreplass for elever og studentar
Vi tilbyr
- Faste fagdagar
- Leasing bil
- Dyktige kollegaer i godt arbeidsmiljø
- Tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Kontaktinformasjon
Hildegunn Lindaas, Einingsleiar Heimetenesta, 53 74 82 30
Mariann H Aasland, Avdelingsleiar, 53 74 82 51
Arbeidsstad
Sveiogata 70
5550 Sveio
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Sveio kommune
Referansenr.:4287877415
Stillingsprosent: 68%
Fast
Startdato: 14.12.2020
Søknadsfrist: 29.09.2020
Om bedriften
Vakre Sveio ligg midt i storregionen mellom Boknafjorden og Bjørnafjorden. Dei vel 5.700 sveibuane har kort veg til alle servicefunksjonar og tilgjenge til ein stor og variert arbeidsmarknad på Haugalandet og i Sunnhordland. Sveio kommune er kombinasjonen av landleg idyll og urbane kvalitetar.