Seksjonsleiar Verslavegen
Er du ein som brenn for fag og utvikling, er kreativ og løysingsorientert? Då er dette jobben for deg!
Avdeling Bu og Habilitering består av samlokaliserte bustadar, avlasting, barnebustad og dagsenter for personar med utviklingshemming. Verslavegen er ein av dei samlokaliserte bustadane.
Stillinga som seksjonsleiar har dagarbeid, der ein kombinerer direkte tenesteyting med leiing og administrative oppgåver. Som leiar for denne seksjonen får du arbeide tverrfagleg og sjølvstendig med mange spanande utfordringar i lag med engasjerte og kompetente medarbeidarar.
Arbeidsoppgåver
Ansvar for personal-, økonomi (delansvar), fag og tenesteutvikling
Ansvar for dagleg drift og utvikling av seksjonen
Ivareta og vidareutvikle fagkompetansen i seksjonen
Vere ein tydeleg leiar som kan stå i utfordringar og som legg til rette for godt samarbeidsklima, medverknad og innovative løysingar
Ha oversikt over det totale tenestetilbodet knytta til brukargruppa, inklusiv relevante pasient- og brukarorganisasjonar
Vere pådrivar i høve koordinator og individuell plan (IP) og verktøyet "DIPS samspill"
Samarbeide med andre tenester, både internt og eksternt
Delta aktivt i tverrfagleg arbeid i enkeltsaker og i tverrfagleg utviklingsarbeid
Kvalifikasjonar
Høgare utdanning innan helse og sosialfag, fortrinnsvis vernepleiar, barnevernspedagog eller sosionom
Leiarutdanning kan vere ein fordel
Arbeidserfaring med brukargruppa blir vektlagt
Evne til systematisk og målretta miljøarbeid med god framdrift
Kjennskap til habilitering- og rehabiliteringsarbeid
Personlege eigenskapar
Førarkort klasse B
Krav om å legge fram tilfredsstillande politiattest og eigenerklæring i høve tuberklulose
Personlege eigenskapar
- Du må ha kunnskap, interesse og stor motivasjon for å arbeid med barn- og unge med særskilde behov
Du må kunne identifisere deg med verdiane i Volda kommune: RAUS - MODIG - KOMPETENT - LÆRANDE
Du er ein engasjert person som kan jobbe sjølvstendig og er trygg på eigne avgjersler
Du er ansvarsbevisst, strukturert, løysingsorientert, fleksibel og ein pådrivar som ser mogleheiter
Du ser verdien av god samhandling med andre, og du brukar eigen kunnskap og ferdigheiter for å løyse oppgåver i fellesskap
Du er tilgjengelig som leiar for dine tilsette, men på same tid er god til å sette grenser
Du er tillitsskapande og brenn for eit godt arbeidsmiljø
Du har interesse for utvikling og innovasjon av seksjonen sine fagområde, og kan omsette teori til praksis
Du tek på alvor og syner motivasjon for å ta del i den operative daglege drifta i seksjonen
Vi tilbyr
Ei spanande, krevjande og interessant stilling
Leiaropplæring- / oppfylging
Løn og arbeidsvilkår etter avtale
Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Fokus på relevant kompetanseutvikling og høve til vidareutdanning
Engasjerte medarbeidarar og godt arbeidsmiljø
Kommunen gjev rekrutteringstilskot til vernepleiar. Ta gjerne kontakt for ut spørmål knytt til dette.
Kontaktinformasjon
Reidun Elisabeth Sandnes, Avdelingsleiar, +47 95139364Arbeidsstad
Verslavegen6763 Hornindal
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Volda kommuneReferansenr.: 4789058618
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 08.04.2024
Om bedriften
I folketal er Volda kommune den nest største på søre Sunnmøre, og den sjette største kommunen i Møre og Romsdal. Kommunen ligg strategisk til, midt i kryssinga mellom både fylker og regionar. I overkant av 10.000 personar bor i kommunen, med kort veg til både ruvande fjell og djupblåe fjordar og vatn. Med kort veg til både Sunnmørsalpane og turløyper manglar det ikkje på naturopplevingar - for heile familien.
I Volda er det både høgskule og sjukehus, som gjer at tettstaden har eit stort mangfald av menneske frå heile landet. Både student- og kulturlivet lever godt i kommunen, med tradisjonsrike festivalar gjennom kalenderåret og mange lag og organisasjonar å engasjere seg i.
I kommuneorganisasjonen er det om lag 1.000 engasjerte tilsette som kvar dag gjer ein viktig jobb for innbyggjarane. Om også du ønsker ein meiningsfylt og spanande arbeidskvardag oppmodar vi deg til å søke på stillingar som kommunen lyser ut.
Ta gjerne ein tur innom Volda kommune si heimeside for å bli betre kjent med oss!