Fagansvarleg vernepleiar
Vaksdal kommune
Konsul Jebsensgate 16, 5722 Dalekvam, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Vernepleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest onsdag 1. januar
Om stillingen
Elvevegen bueining består av 10 leilegheiter der det blir gjeven helse og omsorgstenester til bebuarar i ulike livsfasar og samansette hjelpebehov. I tillegg gjev me tenester til ein ekstern tenestemottakar i nærområdet.
Me har òg avlastingsbustad for born og unge og tilknytt dagsenter i eininga. Elvevegen bueining er plassert på Dale og har lett tilkomst med offentleg transport.
I tråd med aukande krav til kompetanse i tenesta til menneske med nedsett funksjonsevne, søkjer me no etter ein engasjert person som brenn for fag- og kompetanseutvikling. Som fagansvarleg vernepleiar vil du ha overordna ansvar for å sikre rett kompetanse gjennom målretta kompetanseheving og kompetanseutvikling. Du vil ha avdelingsleiar som næraste overordna, med tett samarbeid og rapportering til vedkomande. Gjennom stillinga ynskjer me å styrka vårt fagmiljø og utvikla den faglege kvaliteten i avdelinga. Stillinga er fordelt med 40 % fagansvar og 60 % turnus med arbeid kvar fjerde helg (kortvakter).
Velkomen til Elvevegen.
Arbeidsoppgaver
- Ha overordna ansvar for vidareutvikling og kompetanseheving i form av å planleggja eller halda internundervisning for dei tilsette.
- Ansvar for å kartleggja faglege behov og gje fagleg rettleiing og rådgjeving til dei tilsette.
- Kvalitetssikra opplæring av nytilsette og vera kontaktperson for dei.
- Oppfylging av studentar og lærlingar og vera eit bindeledd mellom praksisplass og studiestad.
- Fagleg ansvar for tenestemottakarane, og vera rettleiar for faggruppene og primærkontaktar.
- Kvalitetssikra og vidareutvikla primærkontaktsystemet.
- Gje fagleg rettleiing inn mot avlasting og dagsenter.
- Vera pådrivar i kvalitetsarbeid og kompetanseutviklingstiltak, sørge for at rutinar, tiltaksplanar og fagprosedyrar blir vidareutvikla, er oppdatert og at desse blir fylgt opp.
- Ansvar for rutinar i forhald til HOL kapittel 9, innføring av CRPD.
- Vera deltakande og gjennomføra samarbeidsmøte med interne og eksterne samarbeidspartnarar.
- Bidra til eit godt samarbeid med interne og eksterne samarbeidspartnarar.
- Bidra i legemiddelhandtering.
- Andre delegerte oppgåver frå avdelingsleiar og einingsleiar.
Kvalifikasjonskrav
- 3- årigutdanning på høgskulenivå. Fortrinnsvis vernepleiar, sjukepleiar vil bli vurdert.
- Interesse, engasjement og gjerne erfaring med fagutvikling.
- Erfaring innan forbetringsmetodikk og implementeringer ynskjeleg.
- Ynskjeleg med relevant vidareutdanning.
- God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne.
- Erfaring frå arbeid i bustad og avlasting for menneske med nedsett funksjonsevne.
Personlege eigenskapar:
- Du er trygg i rolla som vernepleiar og meistrar å engasjere deg sjølv og kollegaer i det faglege arbeidet.
- Du arbeider godt sjølvstendig og er god på samarbeid med medarbeidarar, samarbeidspartnarar, pårørande og avdelingsleiar.
- Du brenn for faget og har fokus på å utvikle tenesta til det beste for tenestemottakarane.
- Du har høg arbeidskapasitet og høgt nærvær, er løysningsorientert og fleksibel. Du må takla hektiske arbeidsdagar med uføresette hendingar.
- Du bidrar positivt i arbeidsmiljøet ved å fremja gode haldningar og etisk refleksjon.
- Du må like å ha eit stort ansvar for system og struktur.
- Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Vi tilbyr
- Spennande og varierte arbeidsoppgåver i eit utviklingsorientert og drivande miljø
- Vilkåra er konkurransedyktige, og utviklingsmoglegheitene er gode
- Du vil bli ei viktig brikke i eit positivt og dynamisk lag med fagleg dyktige kollegaer
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
- I Vaksdal kommune er vi opptekne av å ha framtida i sentrum. Vi tilbyr spanande moglegheiter for utvikling og karriere. Gjennom sitt engasjement bidreg våre tilsette kvar dag til at Vaksdal er ein god kommune å leve, bu og arbeide i. Vi er opptatt av innovasjon og er langt framme på digitalisering. Du finn oss sentralt, mellom Voss og Bergen, og det er enkelt å reisa hit med tog og bil.
- Vaksdal kommune ynskjer at arbeidsstaben skal gjenspeile mangfoldet i befolkninga. Vi oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, kulturell bakgrunn og hol i CV-en.
- Nokon av Vaksdal kommune sine stillingar kan ha eigne helsekrav og krav til fysisk skikkaheit.
- I henhald til offentlegheitsloven §25 andre ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om søkjaren har anmoda om ikkje å stå på søkjarlista.
- Vaksdal kommune nyttar elektronisk søknadsbehandling. Attestar og vitnemål må leggast ved søknaden. Høgare utdanning gjennomført utanfor Norge må være godkjent av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. Godkjenninga må dokumenterast.
Sektor
Offentlig
Nettsted