Helsefagarbeidar som vil vera med inn i framtida?
Vindafjord kommune Omsorgssenter
Rådhusplassen 1, 5580 Ølen
Om jobben
Stillingstittel
Helsefagarbeidar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
3
Sjå kva arbeidstidsordning DU kan velje under!
Hovudarbeidsoppgåver:- Bidra direkte til å gi bebuarane våre ein veldig god plass å bu og gode tenester.
- Helsefaglege oppgåver som; kartlegging (NEWS bla), oppfølging, pleieplan, tiltak, medisiner mm.
- Rettleiing og tverrfagleg samarbeid.
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø og kontinuerlig utvikling av tenestene våre.
- Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar.
- God IKT kompetanse og erfaring med elektronisk pasientjournal.
- Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar.
- Du vil yte gode tenester i eldreomsorga.
- Har eit ynskje om å arbeide med menneske som har komplekse og varierande hjelpebehov.
- Har interesse for faget og held deg oppdatert.
- Positiv bidragsytar i arbeidsmiljøet, med bevissthet rundt korleis du sjølv påverkar kollegaene dine sin arbeidskvardag.
- Du søker heile tida etter forbetringar for både bebuarar og personell- er løysingsorientert.
- Evne til å arbeide sjølvstendig, systematisk og målretta.
- Du trives med til tider hektiske arbeidsdagar.
- Du er framoverlent og leiatar etter gode tiltak for å gi gode tenester til bebuarane.
- Du er fleksibel og ser nytte av å arbeide på tvers av avdelingane.
- Du set pris på og arbeidar for eit godt miljø og stort samarbeidsklima der alle vert høyrt og respektert.
- Personlege eigenskaper vert vektlagt
Me kan tilby:
- Variert arbeid i eit positivt miljø
- Faglege utfordringar og utvikling som fagperson
- God opplæring og samarbeid med andre
- Fagdagar
- Felles lunsj kvar fredag med vaffler:) Gratis parkering!
- Ingen kø til eller frå jobb (mogleg ein traktor av og til men det går fint).
- Helgeavtale; Meir lønn for fleire helgetimar du arbeidar- gjerne gjennom langvakter.
- Arbeidstidsordning som passar for DEG!
- Rabatt på treningssenter
- Bedriftskunstlag
- Kommunalt kor, KORe’ Vindafjord (www.korevindafjord.no)
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar (frå løna vert det trekt 2 % innskot til pensjonsordning)
Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk.
Andre opplysningar:Ølen omsorgssenter har 2 avdelingar: Somatisk langtid med 14 plassar og Korttid/rehabilitering med 13 plassar. Vindafjordtunet har demenomsorga fordelt på Nord og SØr- tilsaman 32 plasser og somatisk langtid med 14 plassar. Ølen omsorgssenter har og kjøkkendrifta i kommunen.
Begge hus har eigne nattevakter per i dag. Her går du enten inne på avdeling eller ute i natt patruljen. Det er ønskeleg å kombinera natt med to- eller tredelt turnus, men du kan og gå rein nattevakts stilling.
Som helsefagarbeidar på Ølen omsorgssenter eller Vindafjordtunet, vil du få utfordrande og spanande arbeidsdagar i lag med kjekke, kompetente kollegaer. Du vil få muligheit til å følja våre bebuarar tett og ha direkte innverknad på deira kvardag og livskvalitet.
Me arbeidar med oppgåvedeling for å gi auka motivasjon tl å vera i jobben, kjenne meistring knytt til profesjon og betre samhandling.
Arbeidstidsordningar:Du kan velje etter kvar DU er i LIVET:
- Ordinær dag/kveld
- Ordinær dag/kveld med langvakter kvar tredje eller fjerde helg (helgeavtalen kjem inn her).
- Rein langvaktsturnus (inntil 4 på og 7 av)
- Rein natt
- Kombinert dag/kveld/natt /evt langvakter og natt)
Vindafjordtunet har per i dag årsturnus med ny oppstart i februar. Ølen omsorgssenter går over til årsturnus februar `25 og har per i dag kalenderplan.
Helgeavtale: Meir lønn for fleire helgetimar du arbeidar- gjerne gjennom langvakter.
Hjå oss vil me ha det høgt under taket med kort veg til engasjerte leiarar for dine idear. Du kan og sjekke vår Facebook side!
Me ønskjer at våre medarbeidarar skal ha muligheit for utvikling innan fag og interesse, at dei skal ha eit arbeid som motiverar og engasjerar.
Ikkje nøl med å ta kontakt om du har spørsmål. Me er i utvikling og ynskjer å høyre frå deg som vil gjere ein forskjell i eldreomsorga.
Ved arbeid i barnehage, skule, barnevern, helse og omsorg, skal det leggast fram godkjent politiattest. Ved arbeid i barnehage, skule eller helse og omsorg skal det leggast fram godkjend dokumentasjon på tuberkulinkontroll før oppstart i jobb dersom du har budd eller opphalde deg i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn tre månadar. Personell i helse og omsorg legga fram helseopplysningsskjema i høve til MRSA.
Slik søker du:Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.
Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.
Link til søknadsskjema: Søk her
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2752237
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3405151_229835_nn