Driftsoperatør Vatn og avløp
Sveio er ein kommune med vel 5.700 innbyggarar og ligg heilt sør i Vestland fylke. Sveio er ein naturskjønn kommune med gode moglegheiter for friluftsliv, jakt og fiske. Sveio kommune er ein del av både Haugalandsregionen og Sunnhordlandsregionen, og ligg sentralt mellom to bysentra Haugesund (15 min. køyring frå Sveio sentrum) og Leirvik (30 min. køyring frå Sveio sentrum).
Ved Drift- og anleggsavdelinga er det ledig 100% fast stilling som driftsoperatør vatn og avløp.
Arbeidsoppgåver
- Drift og vedlikehald av VA anlegga
- Kontakt med publikum
- Deltaking i vaktordning
- Andre oppgåver innan Drift- og anleggsavdelinga
Kvalifikasjonar
- Relevant utdanning eller realkompetanse (anleggsbransjen, rørlegger, elektriker, maskinførar etc)
- Pliktig til å delta på relevante kurs der ein evt. manglar kompetanse
- Sertifikat for bil klasse B
Personlege eigenskapar
- Initiativrik, ansvarsbevisst og serviceorientert
- Stor arbeidskapasitet
- Evne til å arbeida sjølvstendig og i team, målretta og effektivt
Vi tilbyr
- Interessant stilling der ein har eit triveleg og tverrfagleg arbeidsmiljø
- Varierte arbeidsoppgåver
- Nytt og moderne bygg for teknisk uteavdeling (ferdig des. 2024)
- Godtgjersle for bruk av eigen bil etter kommunalt regulativ
- God pensjonsordning
- Tillegg for vaktordning
Kontaktinformasjon
Frederik Flood, Einingsleiar Drift og Anlegg, 53 74 80 63Arbeidsstad
Sveiogata 705550 SVEIO
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Sveio kommuneReferansenr.: 4763967349
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 26.04.2024
Om bedriften
Vakre Sveio ligg midt i storregionen mellom Boknafjorden og Bjørnafjorden. Dei vel 5.750 sveibuane har kort veg til alle servicefunksjonar og tilgjenge til ein stor og variert arbeidsmarknad på Haugalandet og i Sunnhordland. Sveio kommune er kombinasjonen av landleg idyll og urbane kvalitetar.