RESEPSJONS- OG BOOKINGMEDARBEIDER
Flåmsbrygga Hotell As
A-feltvegen 25, 5743 Flåm, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
RESEPSJONS- OG BOOKINGMEDARBEIDER
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Sesong, heltid 100%
Arbeidstid
Vakt, dagtid, kveld og natt, alle dager
Arbeidsspråk
Norsk, skandinavisk eller engelsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 31. mars
Send søknad til
Idyllisk lokalisert ved fjorden i vakre Flåm finn du Flåmsbrygga -- eit av dei mest spanande reiselivskonsepta i landet med hotell, bryggeripub, kafè og restaurant. No har DU sjansen til å verte del av vårt dyktige team i resepsjon- og bookingavdelinga som spelar ei sentral rolle i den daglege drifta til Flåmsbrygga.
Vi søker deg som:· Har erfaring frå serviceyrket -- helst frå hotell / resepsjon. Du har gjerne også erfaring med bookingsystem.
· Trivst i eit hektisk miljø
· Er fleksibel, arbeidsam og strukturert
· Har gode evner til å kommunisere
· Pratar og skriv eit skandinavisk språk i tillegg til engelsk.
Din personlegheit reflekterer følgjande:· Utadvendt, entusiastisk og godt humør
· Ung til sinns
· Uformell og audmjuk -- men profesjonell
· Arbeidar godt individuelt -- men er ein lagspelar
· Serviceinnstilt med ei <<ja, det fiksar vi!>>-innstilling
· Likar mennesker og vil gi det <<lille ekstra>> for at gjestene skal trivast best mogleg hjå oss
Som Resepsjon- og bookingmedarbeidar vil du har følgjande arbeidsoppgåver:· Inn- og utsjekk
· Betene sentralbord for heile Flåmsbrygga
· Sal og meirsal
· Gjesteservice
· Booking av hotellopphald, aktivitetar og bordreservasjonar for grupper og individuelle personar via e-post og telefon.
· Ivareta resepsjonen sin funksjon som hjarta i bedrifta
· Forefallande arbeid
· Nattevakt må påreknast
Tiltredelse etter avtale og opplæring. Vi tilbyr konkurransedyktig løn, pensjonssparing og personalrabatt på delar av vårt utval av mat og drikke.
Vil du søke på stillinga?Ikkje nøl med å kontakte oss dersom du har spørsmål vedrørande stillinga. Send søknad med CV direkte til oss.
Kontaktperson: Erik Walter Vold, Driftsleiar. Telefon: +47 57 63 20 66 - E-post: drift@flamsbrygga.no
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Idyllisk lokalisert ved fjorden i vakre Flåm finn du Flåmsbrygga -- eit av dei mest spanande reiselivskonsepta i landet. Konseptet Flåmsbrygga omfattar Flåmsbrygga Hotell - Bryggerihotellet, Ægir BryggeriPub, Furukroa Kafé og Flåmstova Restaurant. Flåmsbrygga Hotell AS er søsterbedrift til Fjord Resort og Mall of Norway.
Flåm er største reiselivsmål i Noreg utanom dei store byane, og kan skilte med attraksjonar som Flåmsbana, Nærøyfjorden, Aurlandsdalen, Rallarvegen, Flåm Zipline, Stegastein Utsiktspunkt og mykje meir. Flåm er no ein heilårsdestinasjon med fokus på auka aktivitet om vinteren, og som ein av dei leiande aktørane i området bidreg Flåmsbrygga aktivt i reisemålsutvikling og held ope året rundt.
Flåmsbrygga har tre driftsbygningar, fire hybelhus, to områder for utservering samt grøntareal.
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2847460
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
4bc2c92d-2598-43b7-bb33-1c5f4930497a