Trainee - Har du GIS-kompetanse og er interessert i kultur og folkehelse?
KFO - Fysisk aktivitet og inkludering, Vestland fylkeskommune
Lars Hilles gate 22, 5008 Bergen, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Trainee - Kart og kartinformasjon (KFO)
Type ansettelse
Trainee, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 6. januar
Er du nyutdanna, har kompetanse innan GIS og ynskjer deg relevant arbeidserfaring? Då er treng me i fageining for idrett og friluftsliv i Vestland fylkeskommune deg! Me har ledig ein eittårig traineestilling med oppstart hausten 2025 der du vil få spanande arbeidsoppgåver i eit framoverlent arbeidsfellesskap.
Korleis vil arbeidsdagen din sjå ut?
Som trainee hjå oss vil du få mange spanande oppgåver, mellom anna innan utarbeiding av kart til bruk på nettsider og i fysiske og digitale produksjonar. Du vil bidra med kartteknisk kompetanse i ulike fylkeskommunale prosjekt t.d. ro- og padleruter Vestland, friluftslivets ferdselsårer, kartlegging og verdsetting av friluftslivsområde. Du vil også vere med å revidere og utvikle fylkeskommunen sine temalag om kulturminne og friluftsliv i Fylkesatlas.
Du vil få ansvar for å produsere kart og framstillingar av kartinformasjon, og syte for at dette vert gjort på ein visuelt god måte. Det kan både dreie seg om enkle kartframstillingar til bruk i presentasjonar og på nettisder og større karttekniske oppgåver der det vert stilt krav om kompetanse innan GIS-program som ArcGIS eller QGIS.
I seksjonen samarbeidar me mykje på tvers av faggrupper. I tillegg til idrett og friluftsliv har seksjonen ansvaret for mellom anna e-sport, gaming, folkehelse og integrering, og du vil få bidra med kompetansen din inn i desse fagområda.
Etter eit år som trainee hjå oss vil du sitte att med verdifull kompetanse og erfaring som kjem deg godt til nytte seinare i arbeidslivet.
Kven ser me etter?
Verdiane i Vestland fylkeksommune handlar om at me er opne, ærlege og kompetente i arbeidet vårt - og her passar du godt inn. Du er også systematisk, tek initiativ og fullfører det du byrjar på. Ettersom me verdset samarbeid er du er ein lagspelar og fungerer godt i teamarbeid. Du har stor arbeidskapasitet, evner å inspirere og representerer fagområdet godt i ulike samanhengar.
I tillegg har du
- høgare utdanning frå universitet eller høgskule på minimum bachelornivå
- maks tre års relevant arbeidserfaring
- Kunnskap om og erfaring med bruk av GIS-verktøy (QGIS/ Arc GIS Pro)
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne
- God forståing av digitale verktøy og generelt god IKT-kunnskap
Det er også ein fordel om du har erfaring med grafiske programverktøy, som til dømes Indesign og/eller Illustrator.
Kva kan me tilby deg?
Som trainee hjå oss står du på lik linje med ordinære tilsette. Me ynskjer å gje deg ein god start på karrieren og tilbyr difor fadderordning og fagleg mentor. Du vil bli ein del av ein ambisiøs, nyskapande og berekraftig arbeidsplass med eit breitt mangfal blant kollegaane. Me trivast godt i lag og har det kjekt på jobb! Du vil også få gode mogelegheiter for kompetanseheving; både gjennom deltaking på Trainee Vest sine samlingar, men også gjennom interne traineesamlingar og kursing.
Me har fleksitidsordning og nye moderne lokale i Bergen sentrum med mellom anna innandørs sykkelparkering, treningslokale og kantine. Du vil få løn etter avtale.
Og, du? Det er aldri for tidleg å planlegge for pensjonistlivet. Heldigvis har Vestland fylkeskommune gode pensjons- og forsikringsordningar!
Kven er me?
Fageining for idrett og friluftsliv er plassert i seksjon for fysisk aktivitet og folkehelse. Seksjonen jobbar for å gjere det lett for alle i fylket å vere fysisk aktive kvar dag. Fylkeskommunen har ei rådgjevande rolle ovanfor både kommunar og lag og organisasjonar. Eit godt kunnskapsgrunnlag, god planforankring, samhandling mellom offentleg, frivillig og privat sektor på ulike nivå kombinert med ei brei medverknad frå innbyggarar er avgjerande for å kunne møte framtidas behov.
Me er ei IA-verksemd, som betyr at både arbeidsgjevar og dei tilsette pliktar seg til systematisk samarbeid for å oppnå eit meir inkluderande arbeidmiljø. Vestland fylkeskommune er sertifisert innan likestilt arbeidsliv.
Anna informasjon
Arbeidsstad er Vestlandshuset i Bergen.
Traineestilling hjå oss føreset deltaking i Trainee Vest/Bergen Næringsråd sitt traineeprogram og Vestland fylkeskommune sine eigne traineesamlingar. Oppstartsdato for traineestilling føljer Trainee Vest sitt årshjul.
Kontaktinformasjon
Anders Søyland, Seniorrådgjevar, 40427671, Anders.Soyland@vlfk.noHanne Espe, Leiar fageining idrett og friluftsliv, 99769453, Hanne.Marthe.Espe@vlfk.no
Britt Karen Spjeld, seksjonssjef, 45666326
Arbeidsstad
Lars Hilles gate 225008 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 4888283791
Stillingsprosent: 100%
Trainee
Søknadsfrist: 06.01.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Britt Karen Spjeld
seksjonssjef
45666326
Om bedriften
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2801994
- Hentet fra
talentech
- Referanse
2d9e05baf02f4d728c12601c8c767166